Han har sett mykje denne sangaren. Sett, opplevd, erfart. Han har tenkt nøye over det han har sett og erfart. Han har øvd seg lenge på å leve i tru, sjå Gud i verda, sjå verda i Gud. Han kjenner og deler menneska sine kår. Han veit kor omskifteleg menneskelivet er. Og kor vanskeleg det er å forsone seg med døden. Men han har bestemt seg. Eg vil synge og spele for Herren. Eg vil la sangen stige og røre meg i takt med musikken. Heile livet. Til mi siste stund.
Det vil eg og. Eg har bestemt meg. Eg har bestemt meg for å tenkje om alderdommen, den livsfasen eg no har byrja på, på ein annan måte enn den herskande tanken i kulturen: at det gjeld å utsette alderdommen så lenge som mogleg, at alderdommen er ein nedtur. Mot ingenting. Eg veit at det er stor kraft i tanken. Så eg har bestemt meg for å tenkje at livet er ein veg heim til han som skapte meg, bokstaveleg tala ein veg oppover, der den siste delen er like viktig som den første.
Eg har bestemt meg for å seie ja til Gud når han byr meg opp til den dansen som berre han kjenner slutten på. Eg veit ikkje korleis det vil bli, takk og pris for det. Men kan sangaren i salme 104, kan eg. Det eg veit er at Gud elskar meg og vil elske meg heim. Det er det einaste sikre i tilveret. Og eg gler meg som eit barn over å få vere saman med dei som Gud har gjeve meg og rører meg som best eg kan saman med dei.
Herren gav. Herren tok. Herrens namn vere lova. Eg vil danse med han så lenge eg er til.
Geir Gundersen
Musikk ”Kom lovsyng vår Gud” Ole Børud