Akkurat som vi er bundne til jorda kan vi ikkje røme frå vår neste. Vi høyrer saman og er bunde til kvarandre , lik øya som er forbunde med fastlandet. Ordet ”neste” bruker vi kanskje ikkje så ofte. Men eit ord vi har eit forhold til, er ”nestekjærleik”. Vi legg i det at alle menneske har krav på vår oppmerksomhet, omsorg og respekt. Idealet ”nestekjærleik” er eit heidersord, noko vi ikkje skal ha på oss at vi ikkje utviser.
Gjennom livet sitt sprengjer Jesus vår forståing av kven vår neste er. Ikkje berre er vår neste den utstøytte, den vi tidlegare rettmessig kunne la vere å bry oss om fordi våre kulturelle koder sa at ho ikkje hadde krav på vår kjærleik og respekt. Jesus overskrid grensene ytterlegare ved å sidestille folkeslag og utslette grenser for kven som er likestilt i fellesskapet, - ved å opne det som før var stengd, og invitere til måltid og fellesskap for alle menneske, uavhengig av folkeslag, språk, kjønn, legning eller alder.
Vi likar å tru at vi i vår tid har opna stengde dører. På mange måtar har vi det. Men enno er dører lukka og muligheter ulike. Nokre har kjent det i eige liv og på eigen kropp. Alle skulle vi prøve å setje oss inn i korleis det er å kjenne seg utestengd, å ikkje ha dei same rettane som vår nabo, vår kollega, vår ven. Om det er å få uttrykke seg på sitt eige språk eller det er å få bruke evner og krefter slik ein kjenner at ein har lyst til og treng. Det gjer noko med sjølvrespekt og tru når ein erfarer at det ein står for ikkje blir rekna for å vere noko verd. Det gjer noko med vår kjærleik til oss sjølve når vi ikkje blir møtt med kjærleik frå våre medmenneske.
Jesus føreset at vi elskar oss sjølv før vi kan elske vår neste. Det er som ein kjedereaksjon: Før vi kan elske oss sjølv må vi vite oss elska av Gud. Før vi kan elske vår neste, må vi elske oss sjølv.
Vi er bundne til jorda og til kvarandre. Vi står i berøring med det heilage – og Den Heilage. Det handlar om min plass som skapt blant alle Guds skapningar, om å vere del av den store livsveven som Gud har sett her på jorda, av øya som er forbunde med fastlandet. Vi er elska, vi skal elske og vi skal la vår neste kjenne seg elska. Det er Guds vilje med oss.
Ragnhild Jepsen
Musikk Samefolkets sang