Morgenandakten torsdag 4. mars

Ord mot uro

Helene Langeland
Foto: Seline Larsen / NRK

«Du treng ikkje bekymre deg mamma!» Den setninga har eg høyrt frå sønene mine mange gonger. Russefeiring, fadderveker, mulig kjærleikssorg og ulykker. Dette er jo berre eit lite utdrag av den potensielle bekymringstematikken som står i kø i mitt hovud. Enno eg slett ikkje har formidla alt eg tenkjer på, så kjenner dei altså på behovet for å seie ifrå. Dei vil gjerne stoppe meg i min uro.

Og eg er jo eigentleg klar over det; eg bekymrar meg til tider for ting eg ikkje får gjort noko med. I tillegg kan eg kjenne på irritasjon når folk seier: «Det vil helst gå bra.» Ja vel, tenkjer eg då; det var ei lettvint tilnærming - det finst nok av eksempel på det motsatte.

Eg synst balansen mellom uro og kvile kan vere ganske så krevjande. Mitt i alt det ufullkomne har eg eit ynskje om å ta orda frå sønene mine på alvor. Det er jo faktisk ikkje berre dei som seier det til meg.

Frå Bibelen lyder det ei klar stemme: «Eg veit kva tankar eg har med dykk seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og håp». Og Jesus er ikkje til å misforstå når han seier: «Ver difor ikkje uroleg for morgondagen.»

Men kva så med at vi er satt til å leve våre liv etter beste evner. Kanskje handlar det om ein frykt i meg for ikkje å ha gjort mitt beste, og så kompenserer eg med bekymring? Å uroe seg har jo ingen nytte, men likegyldighet er enno verre tenkjer eg i min indre argumentasjon. Kvar går så den gylne veg - der eg kan sleppe taket i bekymringa og la den gå sin eigen veg?

Ein gong eg var overnervøs i forkant av ein eksamen sa far min til meg: «Så lenge du gjer ditt beste så er vi uansett stolt av deg.» Fint sagt, tenkte eg, men eg fann likevel ikkje heilt roen. Mor mi såg at eg framleis var uroleg, og ho repliserte: «Av og til orkar du ikkje å gjere ditt aller beste, og det er heilt i orden. Vi er like glad i deg uansett.»

I kombinasjonen av desse to utsagna frå foreldra mine, trur eg det går ei god retning ut av bekymringstyranniet og inn i ein sunnare tankegang. Det kjem ikkje av seg sjølv, men det hjelper å ha gode haldepunkt der eg kan rette fokus når min eigen fornuft prøver å bedra meg.

Eg kjenner at det er noko guddommeleg over gode ord frå kjærlege foreldre. Det som skjer det skjer, og uansett kva som hender, så har Gud lova å ta imot deg og meg med ubetinga kjærleik, framtid og håp. I Guds velsigning kan du finne kvile.

Helene Langeland

prest og beredskapsmor

Musikk: Bjørn Eidsvåg – «Veien»