Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 31. januar

Klare sjøl

Kristin Lødøen Hope

Apostlenes gjerninger 17, 28

"Klare sjøl" heiter Hornindal barnehage si kokebok som er laga for små kokkar. Med koppar og skei som måleeining, er det tanken at borna skal bli glade i å lage mat. Klare sjøl!

Tittelen er treffande, for er det noe desse små vil, så er det å klare ting på eigahand. Ta på sko, slå mjølk i glaset, bake kake. Denne ibuande krafta til å ville utforske, prøve og feile, er sjølve grunnlaget for vekst og utvikling, og utan denne trongen til mestring og utforsking, ville vi som menneskeslekt neppe klart oss.

Og samtidig, som barn er det godt å ha desse vaksne som kan rettleie og forklare, støtte og rette opp, vere der når ein treng hjelp, slik at borna kan stemme i det gamle stevet:

Eg e liten eg, men eg vågar meg. Da e ingjen i lagje so rokkar meg. Eg e liten eg, men eg vågar meg.

Og slik går mange av oss ut i livet. Vi vil klare oss sjøl, også går vi kanskje på den eine smellen etter den andre, og reiser oss så godt vi kan. Vi gløymer gjerne at Gud er der for oss, i alt som skjer. Eg kjenner meg igjen i diktet "Kristin 4 år" av Brett Borgen:

Så tapper er lille store Kristin

så sterk er lille store Kristin

trollet sprekker når Kristin ler.

Kristin klarer alt selv

bare Gud får lov

til å hjelpe henne

Får Gud lov til å hjelpe oss? Går vi til Gud med det vi står i, det vi treng hjelp til? Mange menneske føler at Gud er fråverande når det røyner på. Det er vondt. Men når ein ser tilbake, ser ein kanskje likevel at Gud var der, med si utstrekte hand til hjelp, gjerne gjennom andre menneske. Det gjeld å gripe handa, som eit lite barn.

Mennesket er størst når det kneler, sa filosofen Blaise Pascal. Det er mykje sanning i dei orda. Eg synest det er flott å sjå menneske som bøyer seg ned for Guds storhet når dei ber. Det er noe symboltungt over det. Når vi innser at vi er små, når vi erkjenner at vi treng hjelp – er Gud der for oss. Når eg kjem til kort, vil Gud reise meg opp.

Kristin Lødøen Hope

sjukehusprest ved Haukeland universitetssjukehus

Musikk NRK P1: Erlend Bratland - "Reis meg opp"

Musikk NRK P1+: Solveig Slettahjell - "Å Jesus åpne du mitt øye"

Skog