Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 30. mars

Å sleppe taket

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Far, i dine hender gjev eg mi ånd. Ifølgje Lukasevangeliet var dette Jesu siste ord på korset. "Med desse orda anda han ut", seier Lukas. Med desse orda samla Jesus heille livet sitt. Med desse orda gav han livet frå seg utan å halde noko tilbake.

Far, i dine hender gjev eg mi ånd. Vi høyrer det: det er kjærleikens språk og kjærleikens sak. Det er også her kjærleikens kamp står. Vi kjenner det frå våre eigne kjærleiksforhold. Vi kjenner lengten etter å gje seg sjøl heilt over - eller lengten etter å å vere den som tek imot overgjevinga. Og vi kjenner angsten og tvilen: kan eg, vil eg, tør eg? Vi veit kva det vil seie å bli dregen mellom desse to rørslene: å gi seg sjøl med eller utan atterhald.

Slik det er mellom menneske slik er det og mellom mennesket og Gud. Same sak, same øving, same kamp. Slik skal de be, seier Jesus:

Fader vår!

Lat viljen din råda på jorda

slik som i himmelen.

Eg kjenner det godt: kan eg be denne bøna med hjartet? Kan eg kalle han eg aldri har sett for Far? Kan eg gje alt over til han og ikkje ønskje meg noko anna enn det han vil?

Charles de Foucauld, fransk munk og katolsk prest, fødd i 1858, vart funnen skoten i 1916 i det vesle huset sitt i Tamanrasset, ein by heilt sør i Algerie. Dei blåkledde tuaregane av islamsk tru, elska denne kristne einebuaren fordi han var så full av kjærleik og tente dei så godt som skomakar. Han let etter seg svært få ting, men ei bøn som blir beden verda over, som eg lærte for 20 år sidan og som får hjartet mitt til å brenne kvar gong eg ber den:

Far,

eg gir meg over til deg,

gjer med meg kva du vil.

Eg legg livet mitt i dine hender,

eg gir det til deg min Gud

med heile kjærleiken i mitt hjarte.

For eg elskar deg - og det er eit behov for meg

å få gi meg, å få gi meg over i dine hender

utan å halde noko attende.

Med uendeleg tillit.

For du er min Far.

Bror Charles og Jesus. Same bøn. Når alt kom til alt, var dette alt dei hadde å seie. Og skjelvande vil eg øve meg i den same kjærleiken.

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - "I dine hender, Fader blid"

Skog