Bibelordet for denne dagen er eit som vi også les når det er vigsel i kyrkja. Så det høyrer heime i høgtid, når ein er ekstra lydhør, når alt i verda dreier seg om to som lover kvarandre at dei vil leve saman – som vil vere trufaste hjå kvarandre livet ut. Bibelordet er høgtideleg, kanskje litt gammaldags, kan vi tenke. Men sagt av Jesus i Markusevangeliet, som svar til dei som ville prøve han på om han ville trasse Gud og sette seg over eldgamle bod:
Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vere éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, skal menneske ikkje skilja.
Når eg er prest i vigslar vil eg seie noko viktig til dei som er der, både til dei som skal gifte seg og til dei andre som er til stades; som er der med sine liv og lengslar. Eg vil seie noko om det å vere trufast. Om å vere tru til det ein har lova. Om å halde fast på det ein har. Til det trengs motkraft. Det er nok av utfordringar som vil hindre oss i å få det til:
Tida vi lever vi, er flyktig. Vi fer frå den eine sida av verda til den andre. Vi flyttar på oss. Vi skifter arbeidsplass, vi endrar adresse, vi kjøper nytt. Men lurer vi ikkje oss sjølv når vi evinneleg, med fingeren på pulsen, spør oss sjølve: Er eg lykkeleg her? Ja, men då må eg sjå å kome meg vidare!
Kva om vi prøver å snu det heile. I staden for å vente på den dagen ein kjenner seg sikker nok til å kunne seie: Her er eg lukkeleg, så her blir eg, kunne ein i staden seie Her er eg lukkeleg, for her blir eg!
Den danske filosofen Søren Kierkegaard seier at kjærleiken er fri berre når den er bunde. Bunde til det evige - gjennom plikt. Det betyr at den kjærleiken som ikkje har noko å halde fast i, blir ein flyktig kjærleik. Og ein umogleg kjærleik. Difor er kjærleiken i sitt vesen trufast.
Det er sårbart å tale om å vere trufast. For det er mange årsaker til at ein ikkje greidde det, sjølv om vi så gjerne ville. Med Jesus er det slik at nåden alltid er større. Det er Jesus som har lært oss det verkelege innhaldet i det sterke ordet.
Jesus er trufast. Han forblir hjå oss, gjennom alt.
Ta det med deg inn i dagen!
Ragnhild Jepsen
Musikk Herre, din trofasthet Hilde Svela