Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 28. juli

Mammon

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Såg du Mammon på fjernsyn i vinter? Namnet var på ingen måte tilfeldig. Grådigheit, rikdom, begjær! I Bibelen er Mammon nemnt fire gonger, berre fire gonger. Ordet kjem frå arameisk det språket ein meiner Jesus snakka, det liknar på hebraisk.

At mammon er innarbeidd på norsk, skuldast at dei sentrale omsetjingane til andre språk, ikkje har gjort noko omsetjing: Dei har behalde ´mammon´. Dei kunne jo ha skrive eller omsett grådigheit, formue, rikdom.

Vi kan faktisk reise verda rundt med mammon! finsk og italiensk: mammona, dansk, fransk, estisk, nederlandsk; Mammon, spansk: mammon, polsk, russisk mamona, kinesisk mamen. Ein genial tittel på tv-serien med andre ord! – og no desse dagane på Olavsfestdagane i Trondheim! Eg førebur meg til føredrag og debatt.

I Matteus evangeliet er "Mammon" nemnt i ei preike Jesus heldt for elevane sine oppe i fjellet. Ho vert kalla bergpreika. Han opnar preika med å prisa dei menneska lukkelege som er dei fattige i ånda, dei som sørgjer, dei som skapar fred. Salige - sæle er de, seier han, og så held han fram:

19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, ---. 21 For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Det er umogeleg å tene både Gud og mammon. Det er eit "enten eller".

Den andre staden Mammon dukkar opp att i Bibelen, er i evangeliet etter Lukas, tre gonger etter einannan: De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Kristne begynte frå tidlegaste tider å bruke Mammon om ustyrleg materialisme og grådigheit, og gjerne i utvidande meining og: Om fråssing og urettmessig erverva verdslig gods.

Vår egen reformator Martin Luther kallar kjærleiken til gods og gull for eit gudssurrogat "Mammon er den mektigste Gud på jorden", seier han i den Store Katekismen.

Om litt lyder salmen "Deg å få skode". Vi høyrer eit varsku mot einsidig ordkristendom og snikande Mammon tru: "Rikdom og ære som menneske gjev, er ikkje meir enn den morknande vev."

Kari Veiteberg

Musikk: Sondre Bratland og Iver Kleive - "Deg å få skode"

Skog