Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 27. mai

Der lyset kjem inn

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er Leonard Cohen som er meisteren bak låta Anthem der denne perla av ei tekstlinje dukkar opp: There is a crack in everything, that’s how the light gets in. På norsk blir det: I alle ting finst det eit skår, det er slik lyset kjem inn.

Linja er stram og presis og vidopen for tolkning, slik god poesi er.

A crack er eit skår, som bryt gjennom den glatte overflata. Det er veldig få av oss som med overlegg prøver å laga eit skår, det er nesten utan unntak noko me helst skulle sett ikkje skjedde.

Kva har det med lys å gjera?

Ei imponerande overflate er jo tiltrekkjande. Topp-prestasjonar er vitnesbyrd om kva me mennesker kan klara med talent, perfeksjonering og dedikert arbeid.

Eg stod ikkje først i køen då sportsinteresse blei delt ut, men eg får ståpels og tårer i augene når eit menneske leverer sånt som eigentleg ikkje skal kunne gå an under press.

Men om desse blanke heile flatene er tiltrekkjande, har dei også noko i seg som som støyter frå. Beundring betingar avstand og den skaper avstand. Innanfrå sett, der me så inderleg veit korleis det står til i roteromma, er det bortimot sjanselause å kjenna seg nær til ein skapning som er all that.

Det er først når det knekk litt mellom oss menneske at det miraklet skjer. At me bryt gjennom hos kvarandre. Kjem nær og får oppleva det underet kjærleik er. Lyset som varmar og skin og får oss til å spira og bløma.

For meg er Gud den krafta som er perfekt. Ein eld menneske ikkje toler å komma nær. Bibelens historie er at han kjem til jorda som menneske. Og Jesus, slik han framstår, med alt han seier og alt han gjer, kunne ha framstått som utilnærmeleg og altfor imponerande til å komma nær.

Men så er det ikkje slik. For Jesus gjer under, han er ein meisterpsykolog og glitrande retorikar. Men ikkje berre. Han grin også, trekkjer seg unna, blir sint. Slik me vanlege menneske gjer. Og til slutt blir han forrådd og svikta. Livredd, tvilande og einsam med sin eigen angst ligg han og sveittar blod i Getsemane-hagen. Før han blir henretta.

Og eg har tenkt; Jesus er skåret i Gud. Den bresten som opnar for eit lys som ikkje blender, men omfamnar.

Esther Moe

Skribent

Musikk: Leonard Cohen – «Anthem»

Skog