Korleis skal vi tenkje om døden slik at livet vårt mot døden kan bli sannare og betre? Det gjer godt berre å stille spørsmålet, det bind meg saman med alle mine lyttarar, her er vi sanneleg i same båt sjøl om svara vi gir er ulike. Og vi treng å spørje. For lufta er full av fornekting.
Apostelen Paulus arbeider med det same spørsmålet i dagens ord frå 2.Korintarbrev kap.5. Han veit at det må eit arbeid til. ”For vi vandrar i tru”, seier han, ”utan å sjå”. Den som trur på oppstode frå dei døde, fornektar ikkje døden. Høyr Paulus sine ord. Visst åndar dei av tru, men av ei tru som har rom for den lengt og uvisse som bor i alle dødelege kroppar.
”Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad. For når vi er slik kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne. Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet”.
Ja, ja, Paulus. Din lengt er min lengt. Og endå om eg brukar andre ord enn deg, så forstår eg kva du meiner. Eg ber også i mitt hjarte og i min kropp dette håpet at døden skal oppslukast av livet. Og eg trur som deg, Paulus, dette håpet kjem frå Gud, ”som har gjeve oss Anden til pant”. Eg trur og håpar og elskar som best eg kan, i det fellesskapet av menneske eg tilhøyrer. Men naken kom eg til verda, og naken skal eg gå ut av den. Så Gud, min Far i himmelen, du som har fødd håpet om oppstode i djupet av mi sjel, gi meg nåde til å leve mitt dødelege liv til endes, heilt til endes, utan fornekting, i ømheit og nysgjerrigheit og tillit, levande til mi siste stund.
Geir Gundersen
Musikk Take my hand, precious Lord The Golde Gate Quartet