Morgenandakten torsdag 24. oktober

Å sleppe taket

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Salme 23

God morgon!

Å erfare er å reise på kryss og tvers i ukjend land – og gjennom denne reisa bli kjent med det. Opplevingar kan vi ha utan at det fører til kjennskap og kunnskap. Men vil vi bli rikare av erfaring, må vi arbeide med opplevingane vår, gå djupare inn i dei og få eit forhold til dei.

No kjem det ei trusvedkjenning.

Eg trur på Gud Skaparen, Frelsaren, Livgjevaren. Eg trur at Gud er gjevar av alle erfaringar, også dei vi ikkje vil ha. Vi vil vere friske, men erfarer sjukdom. Vi vil at det vonde skal gå raskt over, men erfarer alvorleg sjukdom, anten på vår eigen kropp eller ved å kome nær eit alvorleg sjukt menneske.

Gjennom desse erfaringane, endå så tunge dei kan vere, kan livet vårt bli rikare, djupare, sannare – og hjartet vårt bli mjukare og meir vart, mot andre menneske og mot oss sjølve. Om slike erfaringar kan ein eigentleg ikkje snakke generelt – så eg får halde meg til meg sjølv, til det eg faktisk har erfart.

Under ein sommarferie i Italia i 2010, i eit kjært landskap for rekreasjon og kvile, nyting og fridom – vart eg sjuk av ein infeksjon, alvorleg sjuk. Eg låg på intensivavdelinga i sjukehuset i byen Pietra Ligure og kjempa for livet mitt, med og utan medvit. Hjulpen av godt helsepersonell og rett medisin kom eg gjennom krisa. Men eg vart teken heilt ned fysisk, kunne knapt ta til meg mat, og kom heim til Norge etter fire veker på sjukehus veik og bleik og tynn som ein strek. Langsamt, langsamt vart eg frisk att.

Når eg no igjen, ni år etter, ser tilbake på denne erfaringa, når eg på nytt reiser i den for å bli betre kjent med den, kva ser eg? At erfaringa snudde opp ned på alle mine ønskjer og planar, at eg kom inn noko ukjend og avgjerande nytt.

Planen min var å samle meg til ei siste etappe som leiar for Blå Kors, i realiteten måtte eg sleppe taket i heile jobben. Men nettopp det var den største gåva i erfaringa: å få og ta imot hjelp frå Gud og menneske til å sleppe taket, bli hjelpelaus og seie ja til det, oppdage ei kvile og ein fridom som skulle opne opp ei ny fase i livet, overraskande, friskt, annleis.

Eg var alvorleg sjuk og vart langsamt frisk att. Det var ei erfaring av under og gåve. Ein dag skal eg bli alvorleg sjuk og ikkje bli frisk att. Måtte eg då få den nåden å sleppe taket og takksamt gi livet mitt tilbake til Gud. Kanskje synge slik som mennesket i salme 23: Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg.

Geir Gundersen

prest og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Børge Pedersen – "Hold mitt hjerte"