Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 24. juni

Sårbar stolthet

Olav Fykse Tveit
Foto: Øivind Haugen / NRK

«Skapte til gode gjerningar». Slik heiter det i eit bibelvers. Det er eit fint motto. For alle. Men nokon opplever at det er begrensningar lagt på dei slik at dei ikkje kan vere seg sjølve, og som hindrar dei å gjere dei gode gjerningar i kjærleik dei kjenner at dei er skapte til og gjerne ville.

Vi sat rundt eit bord og samtalte om kyrkja sine oppgåver i Canada. To menn, fire kvinner. Eg høyrte godt etter, for dei hadde mykje å lære oss om å vere ulike og likevel høyre saman. Canada er eit stort puslespel av svært mange ulike etniske grupper, bygd opp over lang tid.

Dei har sine problem, men ikkje dei same rasisme-motsetnader frå slaveritida som nabolandet USA. Ikkje få av innbyggjarane har røter i Noreg. Urfolka i Canada har opplevd mykje av det som urfolk i USA og andre stader har møtt av kolonialisering, tvangs-integrering, avlæring av språk og kultur og andre former for undertrykking. Men Canada har også hatt mange oppgjer med si fortid, blant anna gjennom ein sannings- og forsoningskomisjon.

Alle rundt bordet hadde ulik bakgrunn, som dei fortalde om. No arbeidde dei i den same organisasjonen. Då vi kom til den fjerde kvinna, fortalde ho var blitt prest som mann. Ho hadde kome til seg sjølv ved å gjennomgå kjønnsendrande behandling. Det hadde kosta henne og familien endringar i relasjonar, og det var krevjande.

Det som var vanskelegare, var at i ein av dei to lokale kyrkjene ho var prest i, hadde dei bestemt at dei ville ikkje ha henne som prest lenger. Ho var ikkje han dei hadde ansatt.

Men: I den andre lokale kyrkja hadde dei tatt imot henne som den ho er. Ikkje berre det, mange hadde tatt kontakt for å seie at dei var glade for å kunne vere ei kyrkje som har plass og bruk for alle, uansett legning og kjønnsidentitet, kven ein er eller kven ein er glad i. Dei var stolte av å vere ei lokal kyrkje med ein transperson som prest. Og ikkje nok med det. Dei sa at hennar teneste som prest no vart til velsigning for endå fleire, mange som kjente at dei av ulike grunnar ikkje var aksepterte for den dei var.

Ho gjekk føre og viste veg. Slik kunne ho gå inn i dei gjerningane ho kjente ho var skapt til. Ja, ho kunne gå inn i endå fleire gode gjernignar enn før.

Ho gjorde seg sårbar ved å fortelje si historie, men det var henne eg hugsa best etterpå. Ho var både audmjuk og stolt av seg sjølv, og eg vart stolt av å få ha møtt henne.

«Pride» kallar dei det i sitt engelske språk.

I Efesarbrevet kapittel 2 les vi: For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har langt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Olav Fykse Tveit

preses i Bispemøtet i Den norske kirke

Musikk: Whitney Houston – “The greatest love of all”

Skog