Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 23. juli

Du ble født til å bli elska

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Kvar tredje natt til torsdag står eg opp litt før halv to og legg på veg bortover Grønlandsleiret mot sentrum. Når eg svingar inn på Karl Johan ved Egertorget ser eg dei står der på gatehjørna nedover. Eg går bort og spør: "See you at worship?" "Oh, yes priest. We’re coming! "

Nattkafeen i Skippergata opna for litt over eit år sidan. Den er eit tilbod for kvinner som sel sex på gata i Oslo og byr på varme, fellesskap, ro og reggaemusikk i høgtalarane. Rundt 100 kvinner er innom kvar natt.

Tilbodet er primært retta mot kvinner frå Nigeria, men ingen blir avvist i døra. – Det viktigaste er at kvinnene får ein stad å slappe av. Det er ikkje mange stader kvinner som sel sex på gata får komme inn. Vi har eit bevisst fokus på positivitet, vi går ikkje inne i djupare samtaler på kafeen. Mange har opplevd store traumer og dei skal få behalde rustninga på. Kafeen er eit avbrekk og eit pusterom frå gata.

På etterspørsel frå kvinnene, er det andakt klokka 02.30. Då er kafeen full. Rita møter meg i døra når eg kjem ein halv time før. Ho har andakten/worshippen saman med meg og leier bøna som ofte blir høg og livleg, med "Amen, amen"

Eg tek på meg prestekjolen og finn eit bord og set frå meg skåla med vatn. Eg deler ut dagens bibeltekst og eit song ark og begynner: "I have decided to follow Jesus.." For ein song! Her blir det trestemt og det berre å gi seg hen: "no turning back, no turning back."

Kva ord skal vi seie høgt saman? Ei fortalte meg at ho ber kvar morgon med salme 23. Vi les saman: ”The lord is my shepard” Trua er sterk hos desse kvinnene. Ingen skal ta frå dykk trua, tenkjer eg, der eg står.

Og eg minnes desse verseline frå Lucinda Williams som vi vil høyre om litt:

"Born To Be Loved"

You weren't born to be mistreated

And you weren't born to misguided

You were born to be loved

You weren't born to be a slave

You weren't born to be disgraced

You were born to be loved

You weren't born to be abused

You weren't born to lose

Du blei ikkje født til å bli mishandla

Du ble ikkje født til å være ein slave

Du ble ikkje født til å bli vanæra

Du blei født til å bli elska

Du ble ikkje født til å bli misbrukt

Du ble ikkje født til å tape

Du ble født til å bli elska

Noko av det finaste å få vere med på er velsigninga med dåpsvatnet på hendene, eller i panna. Krossteikning med vatn, "receive the blessing": "Må den treeinige Gud styrke deg og verne deg."

Kari Veiteberg

Musikk: Lucinda Williams - "Born to be loved"

Skog