Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 22. november

Kva er nødvendig?

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Matteus 22, 37 - 39

Kva er nødvendig? Eg er temmeleg sikker på at du, som meg, har sveipa gjennom ei aldri så lita liste for dagen. Det som hastar, det me ikkje må gløyma, det som ligg på overtid. Det det blir konsekvensar av å droppa, tar me først. Rekningar, tannlegetimar, jobbavtalar, foreldremøtet, legetimen, for ikkje å snakka om å få feia over badet før gjestene kjem.

Diktaren frå skogen, Hans Børli, knipsar vekk både støvsugar og møtetidspunkt og går bak alt saman i eit nydeleg dikt.

Ett er nødvendig

Her i denne vår vanskelige verden

Av husville og heimløse:

Å ta bolig i oss selv.

Gå inn i mørket

Og pusse sotet av lampen.

Slik at mennesker på veiene

Kan skimte lys

I dine bebodde øyne

Det synest kanskje som det er eit stykke frå tømmarhoggaren Børli til bibelen. Og nei, eg skal ikkje ta diktaren til inntekt for anna enn hans eigne ord.

Dei er meir enn sterke nok.

Kvardagens krav og kalendarar har aldri oppføringer som: husk å ta bustad i deg sjølv, husk å tørka sotet av lampa så andre kan sjå lys i augene dine.

Å leva godt med seg sjølv. Å læra å kjenna mine grenser og gleder og å respektera dei. Å ta meg tid til å gi meg sjølv det eg ønskjer meg av og til. Av og til å seia nei til fleire forpliktingar og forventingar. Det er for meg å ta bustad i seg sjølv.

Diktet til Børli er ei poetisk forklaring på nestekjærlighetsbudet. Du skal elska nesten din som deg sjølv. Kor ofte blir ikkje det oppfatta som ei motsetning mellom eigen egoisme og den andres behov. Men det som står er jo eigentleg det motsette. At utan at du er god med deg sjølv, vil du slita med å ta vare på andre.

Den som stadig strekkjer seg for langt, som stadig overtrekkjer kontoen for å leva opp til alle mulige krav, snakkar til slutt konsekvent gjennom tennene og offerrolla piplar ut uansett kor from fasaden er.

Det blir ikkje mykje lys i augene av evige pliktløp og knallharde regime.

Jesus ofra til slutt alt, men på vegen til kross og død i Jerusalem gjekk han sakte gjennom verda. Ein skulle kanskje tru at ein toppleder med slike evner, ville halda tempoet oppe. Men nei. Gong på gong fortel tekstane om Guds son at han trekkjer seg tilbake og tar med seg medarbeidarane for å kvila, for å vera stille, for å få seg mat.

Han sørga for å halda kontakt med kraftkjelda si. For overalt der han gjekk stimla og trengte folk seg rundt han. For å berøra han, for å få hjelp, for å bli friske og for å få fred. Fordi det lyste så sterkt av han.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: NRK P1 P1 Lauren Hill – "Joyful, joyful"

Musikk NRK P1+ Elvis Presley – "Peace in the valley"

Skog