God morgon.
"Dra krakken bortåt glaset så sett vi øss og ser, og prøver finne leia, der julestjerna er."
Stjerna, kor har me ho i frå? Du ser ho i vindauga i bygder og byar. Ser du opp, ser du ho over taket – der a Jordmor-Matja bur, eller over taket til ei av heiderskvinnene der du bur.
Men stjerna, kor har vi ho ifrå? Lukas, det tradisjonelle juleevangeliet nemner ikkje stjerna. Likevel er ho ein heilt sjølvsagt ein del av den historia me fortel kvar jul. Inga julekrybbe er komplett utan stjerna.
Historia om stjerna finn me i Matteusevangeliet som fortel korleis nokre vise menn frå aust drog til Jerusalem fordi det hadde sett ei stjerne på himmelen. Professor i Det nye testamentet Marianne B. Kartzow, fortel at stjerna spelar ei sentral rolle i eit storpolitisk maktdrama.
Dette dramaet står mellom kongar av ulike slag og leiarar av folket som hadde kunnskap, visdom eller innsikt – det handlar om lovtradisjonar, religiøse forventningar og tolking av astrologiske fenomen.
Det har blitt satt fram mange teoriar om kven dei vise menna var, og kva dei så på nattehimmelen. Stjerna har og blitt forklart på mange ulike måtar opp gjennom historia, etter kvart som me har utvikla kunnskapen både innafor astronomi og Bibelforsking. Det har vært diskutert om stjerna sto stille eller rørte på seg, kva år Jesus kan ha blitt født, og kor lenge dei vise menna var på reise.
Fleire kjelder peikar i retning av at det i åra før vår tidsrekning starta, kan ha vore fleire uvanlege astronomiske hendingar som kunne observerast i dette område av Midtausten. Andre igjen forklarar stjerna som mirakel. Kva som ligg bak forteljinga om Betlehemsstjerna er på mange måtar eit mysterium i seg sjølv, seier professoren.
Forteljinga om stjerna verkar svert innfløkt, men ho kan og har ein enkelt bodskap: Stjerna skinte i den mørkaste natta på jorda. Ho viste veg sånn at dei som kom frå det framande og ukjente fann vegen. Stjerna viste veg til ein konge. Kongen var ein nyfødd baby i en stall. Ho lyste for at dei skulle finne kvarandre, dei som kom frå forskjellege stader, tradisjonar og samfunnslag.
Stjerna gjorde ikkje forskjell på folk. Stjerna gjer ikkje forskjell på folk. Ho lyser for at me skal skulle finne kvarandre, me som kjem frå forskjellige stader, tradisjonar og samfunnslag.
Det er fint å tenkje på. For alle eg har møtt i stallen i år. For deg på radioen. Stjerna skin for oss alle.
Kari Veiteberg
Musikk: Guren Hagen – "Julekveldsvisa"