Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 22. august

Ein vid horisont

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

Johannes Openberring kap 21, vers 1-4

God morgon

I dag skal eg fortelja dykk om ein ein mann eg møtte for tre år sidan. Han lever ikkje lenger, men gjer det likevel, fordi han sette eit avtrykk i meg som er umulig å gløyma.

Eg hadde høyrt at Rune Ørjasæter var fullstendig hekta på fuglar, at han kunne alt der er å vita om dei fjærkledde og at han sjølv snekra skreddarsydde kassar som han sette opp rundt om i skogane her.

God sak, tenkte eg og ringde han for å eit intervju. Jo, gjerne, sa den venlege stemmen. Kommande fredag gjekk fint. Det var berre det at han og kona skulle ha barnedåp for litlejenta si, foreldra hans kom reisande, men det gjekk kanskje fint? Eg takka og fredag svinga eg opp til det nybygde huset i vika ved Suldalsvatnet og ei utsikt av blå februarfred.

Han er ein kul, laidback type. Fotballmann og tekst-tv-mann, som han karakteriserer seg sjølv. Snusboks i lomma og tatoveringer.

Mens veslejenta leikar i grinda, skjenker han kaffi og snart er me på vingene.

Fuglesnapparen. Ein bølle og ein bigamist! Visste du at han kan ha fire hoer på ein gong?

Eller spurveugla. Eit ørlite vesen på 60 gram som kan lagra hundrevis av byttedyr i forskjellige kassar og ein hjerne som veit at holet til reiret må vera så lite at angriparar skal møta veggen.

Han er eit oppkomme av funfacts og serverer naturglede i elegante konfektbitar av tørrvittig og presise formuleringar.

Men han er ikkje frisk. I løpet av samtalen fortel han meg at dette truleg er siste våren han skal leva. Han har kontroll, journalisten må leggja frå seg blokk og blyant.

Me avtalar eit nytt møte neste fredag. Han vil ta meg med ut i skogen sin, opp til dei store uglekassane.

Det blir tur og det blir meir samtale. Fleire tørrvittigheiter, og fleire rapportar frå der han er, ute ved grensesteinane, i sorga over å skulla måtta gå frå kona og dottera.

Der inne er det ikkje berre tårer, men også ein vid horisont.

Eg kan kanskje ikkje seia fint, men det er sterkt korleis ting som vanlegvis ville irritert meg, bare forsvinn vekk nå og korleis livet framstår så utruleg sterkt og stort og fint. Seier han, som også eig ei tru og eit sikkert håp om få sjå dei elska igjen på andre sida.

Me går der i skogen i den tidlege våren, han er kroppsleg prega, har gått ned mange kilo, fortel han. Men sender leande frekkheter bakover om journalistar og optimistisk skotøy etter at eg har plumpa uti myra.

Så er me framme, han står under furua og smilet fyller det oppadvende ansiktet hans under kassen der oppe.

Det smilet ser eg enda. Det er våren og håpet.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Roland Utbult - "Då skal glädjen bryta fram"

Andakten ble første gang sendt torsdag 22. februar 2018

Skog