Morgenandakten torsdag 21. november

Sanninga som set fri

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Johannes 8, 31

Eg har gjennom livet forstått at ganske mange ser ut til å tenkja at det å vera truande er eit slags signal om at ein har bestått ein moralsk test. At livet er reinare og ryddigare enn andres, at det handlar om ein eller annan prestasjon eller kraftanstrengelse. At Jesus er for folk som får det til.

Kanskje er me som trur sjølve med på å laga den misforståinga. Kanskje er me for sjenerte og ærekjære til å avsløra at me berre er folk som søkjer kvile, som lengtar etter fred og å stilla tørsten.

Jesus tar ikkje lett på leveregler for menneskelivet, men det er ikkje fordi ting skal sjå bra ut frå utsida. Når Jesus seier: Sanninga skal setja dykk fri, er ikkje det ein regel som fortel at løgn og halvsanningar gir anmerkningar.

Nei, Jesus fortel det me alle ein eller annan gong har opplevd. At det å snakka heilt sant, ta vekk filter av løgn og fortielse, ber i seg ei enorm frigjerande kraft. Sjølv om det kan kosta, sjølv om det kan vera ein kamp å komma dit.

Jesus er både lysande og gåtefull. I ein augneblink står han på stranda og grillar fisk til sine svoltne fiskarvener og seier: Kom og få mat! Dei et nok med hendene, sjøen ligg kanskje roleg, mannfolkansikta er nok litt sletne etter nattas arbeid og dei legg nok i seg. Kanskje litt tause.

Og når dei har ete der på stranda i demringa, går Jesus til Peter, ein av dei som har følgt han rundt. Han som den kvelden Jesus blei tatt til fange for å bli overgitt til tortur og henrettelse, banna på at han ikkje kjente mannen dei hadde tatt då han blei spurt av ei nysgjerrig tenestejente. Tre gonger nekta han hardnakka ute på bålplassen der han sat.

Kanskje er det derfor? Kanskje er det derfor Peter denne morgonen får lov til å seia at han er glad i Jesus like mange gonger som han sveik venskapet nyleg.

Finst det noko vanskelegare enn å etterspørja kjærleik? Å spørja rett ut: Er du glad i meg? Det er det Jesus gjer denne morgonen. Tre gonger spør han Peter. Held du av meg? Er du glad i meg? Elskar du meg?

Tre gonger gjer han som kallar seg Menneskesonen seg liten og sårbar foran eit feilbarleg menneske som for få dagar sidan har svikta han. Og fordi han bøyer seg ned, kan den andre få reisa seg opp.

Slik er Han heile tida. Mannen som stod på tempelplassen og ropte ut: Den som tørstar, skal komma til meg og drikka.

Han er vanskeleg å gå forbi, eg kjem alltid tilbake. Det er den tiltrekninga eg kallar tru.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Koinonia - "Greatest love"