Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 18. oktober

Ein salve for alle sår

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Matteus 20, 26 - 28

God morgon!

Eg har vore dregen mot Jesus heile livet mitt. Idag dreg han meg mot Gåta, mot den djupe løyndommen som er sentrum i den kristne trua, at han gav livet frå seg som eit kjærleiksoffer for menneska, ja for heile skapningen.

Ein gong krangla nokre av læresveinane hans om kven som var den fremste av dei.

Då samla Jesus flokken sin og sa (i følgje evangelisten Matteus): ”Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar og den som vil vera den første av dykk, skal vere slaven dykkar. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange”.

Han døydde for deg, han døydde for meg, sa predikantane på barndommens bedehus. Eg tok det til hjartet. Eg kjente at det var ei sanning som snudde opp ned på alt. Eg ante ikkje at eg skulle trenge heile livet til å grunne på den. Dette er min veg, seier Jesus. Men det er også vegen til dei som vil følgje meg. Som eg, så dykk, seier Jesus. Eg kjenner den dragande krafta i Jesu ord og spør med heile meg: kva betyr det?

Eg veit kva det betydde for den unge, jødiske kvinna frå Holland, Etty Hillesum. Ho døydde i Auschwitz i 1943, 29 år gamal. I sommar har eg lese i dagboka hennar og brev ho skreiv frå transittleiren Westerbork der toga til Auschwitz vart fylde opp. Ho hade sjansen til å flykte, men ho bestemte seg for å bli i leiren, for å trøyste og støtte og oppmuntre sine landsmenn. Ho veit at ho gir livet frå seg, ho veljer å gjere det, dele det ut som brød, seier ho. Den siste setninga i dagboka hennar er denne: We should be willing to act as a balm for all wounds. Det er ei rar setning, men vi forstår den. Vi skulle vere villige til å handle som ein salve for alle sår.

Eg kjenner den dragande krafta i Jesu ord, eg anar kva for røyndom han vil dra meg inn i.

At livsens meining er å gi livet frå seg, at eg kan få sjå mitt heilt alminnelege liv i det lyset. At eg kan få ta imot hans offer for meg og ved hans under bli ein del av det. Og snart skal Mahalia Jackson synge oss inn i underet: There is a balm in Gilead. Det fins ein salve for alle sår.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Mahalia Jackson – "There is a balm in Gilead"

Skog