Morgenandakten torsdag 17. juni

Det evige i dåpen

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Det aller finaste eg gjer som prest, det er å døype!

Å døype er i grunnen ganske enkelt. Vi treng tre komponentar:

Først: Den som skal døypast, eit barn, kanskje ein konfirmant eller ein vaksen. Det er ingen aldersgrense for å bli døypt.

Så: Enkle ord som høyrer med og som må bli sagt.

Og så må vi sjølvsagt ha vatn!

Når dette er på plass, skjer dåpen.

Vi blir innlema i eit fellesskap. Vi mottek tru.

Sjølv i det vesle barnet som ikkje veit kva det tek del i, vert tru skapt:

Ei tru som alltid skal vere der. Som vil bere. Som vil vare.

Av og til kjem foreldre med vatn som dei ynskjer vi skal bruke til dåpen.

Eg har døypt born i vatn frå isbrear på Svalbard og i vatn frå Jordanelva.

Då har det medbragte vatnet blanda seg med det andre vatnet i det vakre dåpsfatet. Og vi kan ikkje lenger sjå kva som er vatnet frå isbreen eller Jordanelva. Når vatnet frå Jordan blir helt i døypefonten saman med vatnet frå springen, blandar det seg. Det går ikkje å kome etterpå og sile ut vatnet frå isbreen eller Jordan. På umerkeleg vis blir vatnet frå dei to kjeldene til eitt.

Dei er heilt i kvarandre. Og dei let seg ikkje lenger skilje frå kvarandre.

Slik er det også med det som skjer i oss når vi blir døypte. Umerkeleg blir vi gjevne trua gjennom vatnet og orda. Og etterpå kan vi ikkje skilje det frå kvarandre: Heile menneskelivet vårt er som vatnet frå dei to kjeldene som blandar seg med kvarandre.

Livet vi lever og trua vi fekk i dåpen som er der for alltid.

Det eine kan ikkje skiljast frå det andre.

Ikkje på nokon tid i livet er vi utan Gud. Guds kjærleik er for alltid i oss.

Eg likar klokskapen hjå Johannes Møllehave, ein dansk prest og forfattar som akkurat døydde. Kor mykje visdom og sanning er det ikkje i desse orda:

Før trudde eg at eg visste. No veit eg at eg trur.

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidaros

Musikk: Kari Bremnes - "Lite barn som kommer"