Morgenandakten torsdag 16. mai

Gud signe vårt dyre fedreland

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Jeremiah 29, 11-14

God morgon!

På dagen før Dagen. Då vi skal få oppleve Norge og det norske folket slik det berre er denne dagen! Ei eventyrleg ånd av fest og leik og folkeleg mobilisering skal sveipe over landet. Den dagen då vi tek på oss vår finaste stas og går ut.

Eg veit med ein gong kor tankane mine går, dei indre bileta står i kø: barndommen i sunnmørsbygda Skodje, Skøye heiter det på morsmålet. Dagen før dagen, det var generalprøve i Guttemusikken under sokneprest Buhaugs myndige taktstokk, det var prøving av litt for store og stive klede, det var overnatting i telt på plenen, eg kjenner enno kor kaldt det kunne vere. Og så morgongryet den 17.: opp på planet til ein lastebil som køyrde Guttemusikken roleg gjennom Skøyebygda for å vekke det sovande folket!

Det er ei øving i å opne seg, ja det er det, ei alvorleg øving i å gi seg over til glede og fest.

Opne seg for historiske trådar, meir eller mindre klokt formidla, opne seg for takknemmeligheit, ja det er ei god øving, å sette namn på livsens gåver. Opne seg for for dei andre, for medmenneske på vegar og gater, på torg og skuleplassar i finstasen sin.

Vi øver oss i å gjere døra høg og porten vid, for på denne dagen skal så få som mogleg kjenne seg utanfor, nasjonen skal ikkje lukke seg rundt seg sjøl, nei vi øver oss i å opne oss for nye landsmenn og – kvinner utan å halde noko tilbake, for å dele det norske og ta nye former og uttrykk inn i det norske, ja det gjer vi. Vi lukkast ikkje alltid like godt, men vi øver oss i å opne oss.

Vi opnar oss for Guds stødige, nådige arbeid med si verd. Eg opnar meg for dei vakre orda hos profeten Jeremia, i eit brev til eit fortvila folk, okkupert av framand makt og ført bort frå heimlandet sitt, eit folk som tenkjer: Gud har forkasta oss og gløymt oss:

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gi dykk framtid og von. Sjå der: det finst ingen plass på jorda der Gud ikkje er med heile seg. Eg øver meg i å tenkje på kva det kan bety.

Vi øver oss i å synge gamle og nye sangar som høyrer dagen til. Gud signe vårt dyre fedreland. Eg høyrer ingen sjåvinisme der. Berre varm takk og varm bøn.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Sondre Bratland – "Gud signe vårt dyre fedreland"