Eg ser oppover markene der gjetarar framleis i dag vaktar dyra sine, og tenker: På himmelen rett over oss var det ein gong så lyst og vakkert som det berre kan bli når Guds englar samlar seg. Dei som kom og song: Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i.
Eg har alltid tenkt at englar må vere blant dei heldigaste skapningane i universet. Nær til Gud, og nær menneske. Dei får kome med bod om dei herlegaste ting. Og menneske blir glade og trygge når dei kjenner englenes nærvær. Englar er bodberarar, dei vitnar om Guds storhet.
Eg har alltid tenkt at englar må ha fått del i alt hjå Gud. For englane vart tiltrudd og fekk den finaste av alle oppgåver: Nemleg å fortelje at Jesus var fødd.
Bibelteksten i dag er frå 1.Peters brev. Frå det fyrste kapitlet høyrer vi:
Denne bodskapen har de no fått høyre av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.
Så sjølv englar kan lengte etter å forstå meir. Sjølv englar har lengslar etter å lære Gud enda betre å kjenne!?
Ved Fødselskyrkja i Betlehem – bygd over den staden der ein trur at stallen kan ha stått – stansar eg opp. Er det ikkje enno ein rest igjen av lyset som englane bragte med seg då dei var her fyrste gongen? Er det ikkje ein rest av gudsnærvær her midt i alt det som er slitent og trist, og prega av konflikt?
Var det kanskje dette englane lengtar etter å få sjå: Korleis Den heilage ande fester seg i menneskes liv og på uransakelege vegar bind oss til Kristus så vi kjem til tru på han.
Det var dette dei song om då dei for fyrste gong gjesta himmelen over Betlehem. Eg skal sjå etter englane i dag, eg!
Ragnhild Jepsen
Musikk Joli kjem Sondre Bratland