Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 15. mars

Eselet på kyrkjetrappa

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Joh 12,12-16

Eg har lenge vore glad i eselet. Dette grå, litt pjuskete dyret i hestefamilien står i skuggen av nettopp hesten. Der hesten utstrålar stas og mynde, signaliserer ofte eselet noko tregt og vanskeleg, anten det er dynga ned med tung last – for eselet har tent menneska som lastedyr i tusenvis av år – eller det set seg skrytande på beinbeina og nektar alt.

Sta som eit esel. Skryte som eit esel. Det stakkars dyret har fått knytt til seg ei rekke negative eigenskapar. Men det finst også positive trekk. Eselet er nemleg samlingspunkt for ei rekke ulike menneskelege kjensler og eigenskapar, der både latter, glede, sorg, dumskap, trufastheit og ømheit har sin plass. Eselhistorier er på mange måtar historier om oss sjølve.

I den kristne tradisjonen har eselet på mange vis fått si definitive oppreising. Jesus valde seg eit esel då han rei inn i Jerusalem på palmesøndag. Joh 12,12-16 Og julekrybbene fortel oss det som ikkje står svart på kvitt i bibelteksten: Eselet var sjølvsagt også til stades ved Jesu fødsel. Dyret har såleis følgd Frelsaren i tjukt og tynt, ja, meir trufast enn Jesu menneskelege disiplar.

Ein gong eg søkte til kyrkja etter lang tids fråvere, blei eg møtt av eit esel på kyrkjetrappa. Eg trudde først eg såg syner, slik disiplane trudde dei såg eit spøkelse då Jesus gjekk på vatnet. Men eselet var av kjøt og blod, hyra inn av eit kreativt menighetsråd til hausttakkefest.

Eg har sjeldan kjent meg meir velkommen til gudsteneste. Her stod eselet midt i blant oss, og nærmast løfta all sorg og plage over på seg.

At Jesus valde nettopp eselet som ridedyr, er ikkje tilfeldig. Det eine er at han oppfylte ein gammaltestamentleg Messias-profeti. Det andre er at han demonstrerte at han ikkje kom som ein krigar til hest. Hans rike var ikkje av denne verda, som han sa.

Men det ligg også ein djup parallell mellom eselet og Jesus sjølv. Ikkje i form av satire, slik ei teikning av eselfiguren på krossen er blant dei første kjente forsøka på blasfemi. Men slik eselet alltid har måtta bere tungt, kom også Jesus for å løfte bort ei bør frå menneska.

Hjå profeten Jesaja heiter det: Han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred. Ved hans sår vart vi lækte. Jes 53,5

Eselet bar Jesus inn i Jerusalem. Og Jesus bar alle oss andre.

Alf Kjetil Walgermo

forfatter og kulturredaktør i Vårt Land

Musikk: Sufjan Stevens - "Holy, Holy, Holy"

Skog