Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 14. januar

Eit hedersoppdrag

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Eg har ein fadder som er over 90 år. Som eg veit ber for meg kvar dag. Ho har vore veldig redd for meg. Det synes eg ikkje ho har trengt å vere. Men sånn er det. Når eg var ung og ute å rekte, synes eg det var så tåpeleg at foreldra mine ikkje fekk sove før dei høyrde at eg kom inn døra. Men jammen har eg ikkje blitt sånn eg og. Eg sovnar ikkje før alle er i hus.

"Du har blitt betrudd hedersoppdraget å vere være fadder!" står det øvst på arket. Kyrkja vi derfor tilby deg støtte i dette viktige og livslange oppdraget. Du kan krysse av for fleire alternativ:

Kryss: "Eg vil gjerne få tilsendt tips og støtte kring oppdraget å vere fadder!"

Kryss: "Eg vil gjerne bli med ei Facebokgruppe for fadrar."

Fyll ut namn og e-postadresse. Og så enno ei rute å krysse om eg vil: "Nei, eg vil ikkje ha nokon vidare kontakt med kyrkja."

Noko av det sterkaste med ein barnedåp, det er at barnet blir løfta ut av den tette kjernefamilien. Vi er fleire som vil støtte, verne om, glede oss over og bekymre oss for, vesle Kari.

Det å vere fadder er ein svært gamal tradisjon. Dei var der allereie i dei første kristne menigheitane. Det er flott å vere fadder og det inneber eit visst ansvar. Fadderskapet handlar om å ville finnast for den som døypes, som støtte og inspirasjon.

Ein kan vere den vaksne som fins der når nokon treng å prate, ein kan vere den som bryr seg og gir råd. Ein kan vere ein nær voksen som barnet kan stole på, nokon som kan halde på hemmelegheitar, oppmuntre og trøyste.

Eg har to venner som gift og dei har valt fem ganske så forskjellege mannfolk som fadrar. Sjølv er dei to damer.

Eg trur ein av fadrane vil vere den som skal lese og fortelle om bøkene sin magiske verden. Ein annan er god til å klartre i tre, og ein tredje snakkar om turar i båten. Ein tenner lys rett som det er, i alle kyrkjene han besøker verda over.

Det er uendeleg fint med fadrar. Nesten noko av det finaste med dåpen. For det kan vere tungt å ha ansvaret og byrda åleine.

I Sverige er det sånn at presten held barnet når han døyper det. Barnet blir løfta ut av kjernefamilien inn i ein større samanheng, inn i eit verdsvidt fellesskap med kjempande menneske på kloden.

Vi legg Kari over i Guds famn. Så står vi der rundt døypefonten med fadrar og venner. Det kan vere styrkande og gi mot.

Kari Veiteberg

Musikk: Synnøve Aanensen - "Ingen er så trygg i fare"

Skog