Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 13. august

Himmelen inni meg

Kristian Fjellanger
Foto: Pernille Ødegård

Då eg var liten så skulle eg få ein veslebror – og eg gledde meg. Men broren kom aldri, for han døydde inni magen til mamma. Eg er blitt fortalt at eg satt utanfor huset vårt, attmed flaggstonga å vinka til himmelen. Til den broren som aldri kom. For dei som døydde, dei kom til himmelen.

Når eg vart nokre år eldre, så syns eg himmelen var et litt vanskelegare konsept å forstå. Eg huskar eg tenkte på det praktiske – kvifor datt ikkje folk ned? Og ville det ikkje bli trangt? Om alle som oppførte seg bra kom til himmelen, så måtte det jo bli ganske fullt etterkvart.

Som veslevoksen tiåring så syns eg det vart for ulogisk, og avviste himmelen som konsept. Når ein var død, var ein borte.

Men så skjer det at du mister nokon du er uendeleg glad i. Og som du ikkje er i stand til å gje slepp på, fordi ein ikkje har lyst å gå livsvegen sin utan. Sånn var det når mamma døde. Eg trur kanskje eg ringte mobiltelefonsvarer hennar mange hundre gongar for å høyre ho seie

«Hei det er Ragny, eg kan ikkje ta telefonen, men du kan legge igjen ein beskjed så ringer eg tilbake»

Men ein beskjed på telefonsvararen varer ikkje evig. Den forsvinn etter nokre månader. Når telefonabonnementet er sagt opp. Og kom behovet. For å tru på ein himmel. For at mamma framleis var med meg. Men kvar var himmelen?

Det viktigaste for meg som menneske her på jorda – i mitt liv, er at nokon treng meg. At nokon treng orda mine, treng at eg er der, at eg er meg. Og om ein etter ein er død, vert hugsa, vert sakna – vert tenkt på og vert minnast som ein viktig person hos nokon andre. Er ein ikkje då i himmelen fordi ein lever vidare i andre?

På gravsteinen til mamma så står det «minna lever». Og det er ikkje berre ord, men ei sanning. Fordi ho er i hjarta, hovudet og handlingane mine.

Og då tenker eg er mamma er i himmelen. Inni meg.

Kristian Fjellanger

forfatter

Musikk: Elisabeth Andreassen - "Rör vid min själ"

Skog