NRK Meny
Normal

Morgenandakten torsdag 13. august

Møte som blir verande att i hjartet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg hugsar at du hadde på deg den kjolen. Eg hugsar kva du sa. Eg hugsar korleis veret var; at kvelden var så vakker.

Det er to møte som blir verande att i oss. Det er det første møtet: For dei som kan hugse første gongen dei møtte han eller ho som seinare vart ein kjærast eller ein nær ven. Det andre møtet er det som viser seg å bli det siste.

Anten fordi vi visste det. At liv gjekk mot slutten, eller at eit reise foresto; og vi visste at dette var siste gongen vi såg kvarandre. Då er det om å gjere å samle på orda som vart sagt. Å bere med seg som ein dyrebar skatt det som vart delt mellom oss.

Og så veit vi at eit siste møte som vi ikkje trudde skulle vere det, men som viste seg å bli det likevel, gjer at vi samlar på alt! Detaljane; fargane, stemninga, lyden av døra som slo att etter den som gjekk, - dei blir for alltid verande.

Kanskje er det som om møtet ikkje vart så endeleg, når berre minna er sterke nok.

Eg sluttar aldri å undre meg over Jesus sine møte med menneske som kom i hans veg; korleis han stoppa opp, lytta, trøysta, sa noko, gjekk vidare.

Og dei som stod att fekk liva sine forandra for alltid. Kanskje såg dei han aldri igjen. Så møtet vart både eit første og eit siste. Eg tenker at dei også samla på det som hadde skjedd, og gøymde det som skattar i hjarta.

Evangelia om Jesus, forteljingane om han, har mange slike Jesusord; skattar som nokon har teke vare på etter skilsetjande møte.

Gråt ikkje, sa han til ho som hadde mista sonen sin. Så kalla han sonen ut av grava. Syndene dine er tilgjevne, sa han til kvinna som var sørgjeleg klar over at ho hadde mykje uoppgjort. Så levde ho resten av livet i vissa om at ho var tilgjeven. Følg meg, sa han til mannen som sa at han ville vere ein disippel, men som likevel ikkje greide det. Det var for mykje som bandt han her på jorda.

Alle desse, dei opplevde å møte Jesus. Dei opplevde at livet vart forandra.

Kven kunne tru at enkle ord, sagt i eit tilfeldig møte, kunne finne vegen heilt til oss. Så også vi fekk høyre, ta til oss, gøyme på dei.

Dei vakraste, synes eg, er orda som Jesus sa til læresveinane sine før han skulle forlate dei:

Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Dette er dagen for eit møte. Kanskje er det det fyrste. Det treng ikkje bli det siste. Høyr. Ta til deg. Gøym orda i hjartet!

Ragnhild Jepsen

Musikk: Mathilde L. Andersen, Ingrid Skretting og Torstein Bugge - "Blott en dag"