Eg arbeidde med gudstenestene på den 10. generalforsamlinga til Kyrkjeverdsrådet. Over 3000 deltakarar frå 345 kyrkjer og i 110 land møttes i Sør Korea i november under bøna: «Livets Gud, led oss til rettferd og fred». Fredsarbeid har alltid vært viktig for Kyrkjeverdsrådet, og det får meir og meir merksemd sidan religion dominerer i dagens konfliktar. Kyrkjeverdsrådet har vore svært aktive i dialogarbeidet knytt til konfliktane i Syria og den vanskelige situasjonen dei kristne kyrkjene i Midtausten står overfor.
Her i Bergen bur Carol med mann og tre søner. Huset deira i Homs i Syria er no nedbrent. Ho og familien var med i ein kristen menigheit i Homs. Dei er no her, i Bergen og julaftan las Carol juleevangeliet for oss på fransk og arabisk. Carol fortel meg om vener og familie i Homs. Når ho fortel om Fader Frans lyser det i augo hennar: Fader Frans, han kom til oss frå Nederland for over 40 år sidan. Han dyrka grønsaker og ga til alle fattige i byen. Venninna mi hadde fødselsdag for nokre månader sidan, og det er ikkje mjøl å oppdrive. Fader Frans arrangerte fødselsdagsselskap, baka kake av svarte bønner. Ville feire!
Fader Frans van der Lugt sa til journalistar at han ville vere den siste til å forlate Homs. Han var utdanna både som prest og psykoterapeut. Han var ein brubyggjar for fred og forsoning mellom kristne og muslimar. Og han dyrka blomar, frukt og grønnsaker og sette ungdomar med psyskiske sjukdomar i arbeid som gartnarar. Kvart menneske har ei ibuande verdigheit!
I dei to siste åra opna han heimen sin for heimlause i den kristne delen av gamlebyen.
No den 8. april fekk vi meldinga frå Homs: Jesuittpresten Fader Frans vart skoten og går og han døydde. Korleis hedrar vi Fader Frans? Vi heidrar han ved å seie som han: «Eg ser ikkje menneske som muslimar eller kristne, eg ser eit menneske, først og fremst.» Carol og eg held fram med å tenne lys, be. Aldri stoppe å feire fødselsdagar. Gi blomar til dei levande! Dyrke grønnsaker!
Paulus skriv til kyrkjelyden I Korint: “For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.”
Rettferdig fred. Når alt håp er ute, ropar vi likevel ut vårt rop om håp!
Kari Veiteberg
Musikk: Vesna Studio Barnekor - «Dona Nobis Pacem»