Morgenandakten torsdag 11. mai

Forkynnaren

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I dag ei bok som er blant dei best kjente i Det gamle testamentet. Forkynnaren si tilnærming er gangbar i dei brunaste pubar og i dei mest livstrøytte barar.

Han prøver ikkje å få ting til å hengja saman, tvert om, han skriv beinhardt om livets realitetar. Om den evige runddansen generasjonane går i, fødsel, strev, glede, sorg og så død. Det er rett frå levra og ingen forsøk på å unnskylda sine betraktningar. Han gnir det inn. Poetisk og hardtslåande.

Kva gjer ein tekst som dette i ei hellig skrift som skal visa vegen til meininga med livet? Det er spørsmålet. Og det er også svaret på kvifor eg stolar på denne boka, både Forkynnaren og bibelen.

Det kjem ikkje noko svar før spørsmålet er stilt. Det er først når eg virkeleg undrar meg, at eg blir klar for å få vita.

Men av ein eller annan grunn er det betre marked for raske svar enn djupe spørsmål nå for tida. Forkynnaren er ingen guddommelig spindoktor eller omdømme-profet, som vil pusha svar og unngå spørsmål, slik det gjerne er i den bransjen.

Menneskelivet kryr av spørsmål. Om kor me kjem frå, kva som er meininga og kor me skal. Me treng ikkje sitja i lotusstilling med store tekoppar for å kjenna dei. Dei streifer gjennom oss med uforskamma frimodighet - i bilen, ved kopimaskinen, når me rører ut Toro-suppa eller kanskje når me sveittar på ryggen i prøverommet. Kva gjer eg her? Er dette alt?

Det er knapt nokon spoiler at Forkynnaren kjem til eit svar og at det handlar om Gud. Men før den tid må han gjennom den mentale myra. Og han tar oss med. Han gjer meg tørst og sulten på svar, på fred.

Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.

2 Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!

3 Kva har mennesket att for sitt strev,

for alt det strevar med under sola?

8 Alle ting går sin strevsame gang,

menneskeord strekk ikkje til.

Auget blir ikkje mett av å sjå,

og øyret blir ikkje fullt av å høyra.

9 Det som har hendt, skal henda igjen,

og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.

Ingen ting er nytt under sola.

10 Blir det sagt om noko: "Sjå, dette er nytt",

har det likevel hendt i tidlegare tider,

lenge før oss.

11 Ingen minnest det som hende før.

Og det som skal koma,

vil heller ingen hugsa

i slektene som følgjer.

Esther Moe

Musikk: Aretha Franklin – "That lucky old sun"