NRK Meny
Normal

Morgenandakten torsdag 1. september

Mannen med kjeppen

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

"Mannen med kjeppen har bada!" Vi høyrer det klart og tydeleg frå ei hytte like ved svaberga der vi ligg og varmar oss etter eit bad. Mannen med kjeppen. Det er meg. Det er sant. Med mitt poliohandikap treng eg ein kjepp for å gå stødt over berga på Brunlanes, sommarlandet vårt.

Slik blir eg sett av andre, vandrande med stav i hand. Slik får eg eit nytt namn. Mannen med kjeppen. Eg kjenner at eg likar det, likar å bli sett slik, likar at nokon har gitt meg det namnet.

Herren er min hyrding, syng David i Salme 23, eg manglar ingenting.

Han let meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko.

For du er med meg. Din kjepp og din stav dei trøystar meg.

Mannen med kjeppen. Eg likar det nye namnet mitt. Eg likar at det minner meg om Davids sang. Eg likar å tenkje slik: der eg går rundt i livet mitt og prøver å halde meg oppreist i det som møter meg, er det Hans kjepp og Hans stav eg held i hendene. Når eg fell, er det Hans kjepp som hjelper meg på føtene igjen. Eg kjem til å trenge den meir og meir, heilt til eg går gjennom dødsskuggens dal, heilt til eg er framme.

I den rådande kulturen er vegen mot døden ei reise nedover. Først oppturen: vekst til full styrke og utfolding. Så nedturen, tap, tap. Vi prøver å halde på krafta så lenge vi kan, men er dømd til å misse den.

Det kristne menneskesynet er annleis. Vi kjem frå Gud og skal til Gud. Vegen gjennom livet er vegen heim. Heile vegen. Alt som høyrer vegen til hjelper oss til å kome heim til oss sjølve og til Han, styrke og veikskap, sunnheit og sjukdom, kraft og hjelpesløyse, fødsel og død. "Du er til - altså må du forgå", seier den polske lyrikaren Szymborska i ei diktstrofe.

Eg veit ingenting om korleis min død skal bli. Men eg har dette biletet inni meg, at nokon av dei eg elskar skal sitte ved senga mi og kviskre: snart heime, Geir, snart framme, snart kan du legge kjeppen ned. På vegen let eg meg trøyste og inspirere av menneske som har gått føre meg, slik som ein sjuk, ja døyande Johnny Cash, som har akseptert si hjelpesløyse og legg heile si sjel i denne bøna: Help me. Lord. Dette steget kan eg ikkje ta aleine.

Geir Gundersen

Musikk: Johnny Cash - "Help Me"