Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 6. februar

Bundne til kvarandre, på jorda

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Matt 22, 34-40

Lahkoe biejjine! Hjarteleg til lukke med dagen! I dag let eg att augene og ser meg eitt år attende i tid. Til 6.februar 2017, hundreårsdagen for det første samiske riksmøtet i Trondheim. Aldri har vel byen vore så fargerik som denne dagen!

I Nidarosdomen feira vi gudsteneste. Då kyrkjeklokkene ringte og gudstenesten straks skulle byrje, gjekk eg gjennom kyrkjerommet. Det var stuvande fullt av menneske i sine finaste kofter; syljene skinte og forventninga var sitrande, slik den er når vi veit at vi er saman om noko stort og den siste gjesten vi ventar på er Hans Majestet Kongen.

Så stemte musikken i, og vi kunne syngje: Lover Herren, han er nær. Det var den salmen dei også song då samane møttest i metodistkyrkja i Trondheim på dagen hundre år tidlegare.

Det var ein heilt uvanleg dag. Og vi gløymer den ikkje.

Samstundes ville det vore ein heilt vanleg uvanleg dag for dei som kan ta det som ei sjølvfølge å vise takksemd for det ein har. For dei som kan kjenne at eins eige språk blir verdsett, at kulturen får bløme og ungane kan vere stolte av kvar dei kjem frå og ynskje å ta det med seg vidare. Den fargerike festdagen i Trondheim i fjor vart også ei påminning om at slik er det ikkje for alle.

Eg er blitt fortald at det sørsamiske ordet for ”øy” skildrar fjellet der ute i fjorden som gjennom jorda er bunden saman med det store fastlandet. Det minner meg om ord frå verdslitteraturen, av den engelske 1600-tals poeten John Donne som sa ”No man is an island entire of himself. Every man is a piece of a continent, of the mainland.”

Intet menneske er en øy,

Hel og ubeskåret i seg selv.

Hvert menneske er et stykke av fastlandet,

en del av det Hele.

Vi er bundne til kvarandre, vi på jorda. Ved å sette oss som menneske her, har Gud vevd oss inn i den store livsveven. Vi er alle gjort delaktige i mysteriet som heiter Livet. Då kan ingen seie om den andre at livet ditt, kulturen din, slektskjensla di ikkje er verd noko.

Jesus fekk spørsmål om kva som var det største av alle bod. Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv."

Vi er bundne til jorda og til kvarandre. Vi står i berøring med det heilage – og Den Heilage. Min plass blant alle Guds skapningar er del av den store livsveven som Gud har sett her på jorda, - det er øya som er bunde saman med fastlandet. Min neste, og det ho ber med seg, skal vere meg like kjær som meg sjølv.

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidarosdomen

Musikk: Marthe Rausand, Randi Lundemo og Frode Fjellheim - "Biejjiem Jih Askem"

Skog