Eller at i middelalderkunsten er ein einhjørning alltid eit symbol for Kristus.
Dette er greitt å vite, i tilfelle eg kjem over eit slikt bilete, - eller høyrer den vakre musikken. For då forstår eg jo så mykje meir! Og det ein forstår, det kan ein gjere til sitt eige.
I dag handlar bibelhistoria nettopp om å få hjelp til å skjøne. Det er i den fyrste tida etter at Jesus ikkje lenger er på jorda. Apostelen Filip er på veg frå Jerusalem ned til Gasa. På vegen dit skjer dette:
Då fekk Filip sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe. Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja. Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.» Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han. Det stykket i Skrifta som han las, var dette:
Lik ein sau dei fører til slakting,
lik eit lam som teier når det blir klipt,
lét han ikkje opp sin munn
Nei, dette var ikkje så lett å skjøne – ord frå ei heilag skrift, om eit lam som vert ført bort for å slaktast, som ikkje gjorde motstand, men som let det skje…..?
Hoffmannen leste om Jesus. Han leste om det som var blitt sagt fleire hundre år i førevegen, korleis Jesus skulle døy. Men korleis kan hoffmannen skjøne det når ingen forklarer det til han? - Før denne mannen kjem springande på sida av vogna hans. Filip klyv opp i vogna og forklarer hoffmannen om lammet:
Det er Jesus; Han som døydde for å ta all vår synd på seg.
Tenk så fantastisk å få slik hjelp til å skjøne! Eg skulle ynskje vi kunne gje kvarandre det mykje oftare. Det høyrer med til historia at då hoffmannen hadde høyrt og fått forklart, bad han om at vogna skulle stoppe. Så steig han ut og let seg døype. For det ein forstår, det kan ein gjere til sitt eige!
Ragnhild Jepsen
Musikk Jesus för världen Carola