I dag øver eg meg på å sjå og høyre Jesus be. Eg øver meg i å vere nær Jesus når han opnar sitt inste rom for far sin i himmelen. Slik gjer han det i Johannesevangeliet kap.17. Han lyfte augo mot himmelen, står det, og sa:
”Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa mot deg”. Timen som er komen , er også timen for å forlate sine vener. No ber han for dei. Eg står heilt nær Jesus medan han ber og eg høyrer at hjartet i Jesu bøn er kjærleiken til sine vener. ”Eg bed for dei…for dei som du har gjeve meg. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt”.
”Eg vakta dei”, seier Jesus. ”Og ingen av dei gjekk fortapt”. Eg øver meg i å gå inn i Jesu bøn. Eg let den famne meg. Eg øver meg i å kjenne og ta imot kjærleiken i den. Eg øver meg i å gå inn i hans vern, så eg ikkje går fortapt. Eg øver meg i å bli ståande hos han, så eg ikkje misser meininga med livet mitt og målet for livet mitt, så eg ikkje rotar meg bort.
Det er ei god øving. Å gi seg tid til å smake og kjenne på Kjærleiken. Ikkje sånn i prinsippet – men i røynda. Det tek tid å ta imot kjærleik. Gode øvingar tek tid.
Kjære Jesus, Bror og Frelsar. No vil eg øve meg i å be for mine slik du bad for dine. Alle dei du har gjeve meg å elske og ta vare på. Dei er mange! Eg takkar for alle. No legg eg dei, ein for ein, i dine hender. Verne dei og vakte dei. Hald dei fast i ditt namn. Så ingen misser målet for livet sitt. Amen.
Geir Gundersen
Musikk ”Jesus det eneste” Capella