I dag får vi høyre det sterkaste vitnemålet som nokon gong er gjeve, trur eg.
Eg ser for meg både dei som står rundt, og han som har gjort seg sårbar og skal få svar på kven dei meiner han er. Det er Jesus - som av dei han har stilt seg aller mest open framfor får sitt vitnemål; av dei han har samtalt med, dei han har gått i lag med, dei han har delt måltid med; dei han har gjort seg sårbar overfor.
Og no spør han dei rett ut: Etter alt vi har hatt saman - og det eg har fortalt dykk. Kven trur de at eg er?
Det er eit avgjerande øyeblikk. For det kunne jo vere at dei ikkje hadde skjøna kven han var. Det var tydeleg at det var noko heilt spesielt ved han, ja. Han hadde denne krafta med seg som menneske vart oppreiste av. Men det hadde døyparen Johannes også, samfunnsrefsaren. Så han kunne det jo vere? Og så bar han med seg ei profetisk røyst. Kanskje var han Elia eller Jeremia, profetar vi høyrer om i det gamle testamentet?
Slik falt orda mellom Jesus og læresveinane hans:
Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»
Kvifor var dei så sikre på kven han var?
Fordi Jesus reiser opp den som ligg nede. Fordi han viser oss kva nåde er. Fordi han gjenopprettar det bandet mellom Skapar og skapning som var øydelagt. Fordi Jesus viser oss Gud. Fordi Jesus er Gud.
Jesus var sårbar den dagen. Kanskje var det sårbarheten hans som gjorde at dei som gjekk saman med han gav han vitnemålet – for han var annleis enn alt anna dei hadde opplevd: Du er Gud. Du er den som gjev frelse!
Ragnhild Jepsen
Musikk Skriv deg Jesus på mitt hjerte Reflex