Morgenandakten tirsdag 30. juni

Med alminnelege ord til alminnelege menneske

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Vi skulle gå på ein av fjelltoppane ved hytta. Saman med meg var ein liten kar med eit stort konkurranseinstinkt. Då vi var komne til første platået, fekk han auge på ein familie som nok hadde same ærend som oss. Han kjende igjen treningsjakkene frå Tranby IL frå ein tilsvarande konkurranse i skisporet i vinterferien. Men denne gongen hadde han ikkje tenkt å gje seg. Han skulle først opp!

Det var stritt å halde følgje. Men vi kom til toppen. Vi var slitne, men fornøgde. Han med konkurranseinstinktet også. For til sjuande og sist var det viktigaste at vi hadde dei kreftene som skulle til for å nå til det målet vi hadde sett oss. Og så: Å vite at det var nok igjen til å ta fatt på turen ned att.

For i bratte lier og på glatte steinar, er turen ned frå fjellet vel så strevsam. Når vi skal attende til startpunktet.

Det får meg til å tenke på forteljinga om då Jesus sendte sine læresveinar ned frå fjellet. Han hadde teke dei med opp for å ta farvel med dei. Han skulle opp til himmelen. Dei skulle vere att. Nokre av dei var redde. Nokre av dei tvilte. Likevel høyrde dei på kva han hadde å seie:

Gå ut i verda! Fortel om meg. Lær menneske om kva det vil seie å kvile i Guds nåde. Døyp dei i namnet åt Far, Son og Den heilage ande.

Det er nok! Så gjekk dei. Kreftene til å gå hadde dei frå han som sendte dei. Dei visste at det dei hadde å gå med var nåde, tru, oppreising, Gudskjærleik. Dei skulle gå med alminnelege ord og heilage teikn.

Til heilage og alminnelege menneske. Slike som deg og meg.

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidarosdomen

Musikk: Astrid Kloster og Heine Totland – «Fylgja deg»