NRK Meny
Normal

Morgenandakten tirsdag 30. august

Sanne ord

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Sjå denne scena. Ein sjuk og lidande mann i senga si. Rundt senga sit tre vener.

Dei prøver å nå den lidande mannen med orda sine. Dei prøver å trøyste. Dei prøver å kaste lys over lagnaden hans. Dei vil gjerne gi han det beste dei har. Mannen i senga er Bibelens Job. Venene heiter Elifas, Bildad og Sofar. Midt i deira straum av velmeinte ord bryt Job ut:

"Eg har høyrt nok av dette, de er elendige trøystarar alle saman. Blir det ikkje slutt på tomme ord?"

Eg, Geir, er eit menneske som gjerne vil trøyste dei som sørgjer. For meg heiter Gud Trøystaren. Sæle dei som sørgjer, seier Jesus. Dei skal bli trøysta. Det er mi erfaring at Jesu ord er sanne. Men kva for røyndom er det som opnar seg i Jobs skrik, når trøysta ikkje når fram, når den som sørgjer ikkje kan ta imot, ja når trøysta beint fram blir ein hån, kva då? For den som sørgjer og for den som vil trøyste?

Eg tenkjer: då er Jobs bok ei skattkiste. Det er ei stor gåve til oss menneske som kravlar rundt på jorda, nokre gonger som utrøystelege, nokre gonger som menneske som ikkje maktar å lindre andre si sorg, at denne røyndommen fyller ei heil bok i Den Heilage Skrifta.

Kva er det Job vil? Han vil at venene skal teie så det blir rom for det einaste han kjenner: Protesten mot Gud. Tei stilt, seier han, så eg kan få gå i rette med Gud. Og det gjer han og det får han, skrike mot Himmelen. Og når Job har storma frå seg, og Gud har svara han i stormen, vender Gud seg mot vennene med desse orda: Eg er brennande harm, for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min Job.

Så no tek eg Gud på ordet. Eg flytter inn i denne fortellinga. Eg tek meg sjølv og mine medmenneske inn i den. Dei utrøystelege og dei makteslause. Det einaste Gud vil er at vi skal stå fram for han som dei vi er, seie det som det er, slik vi kjenner det. For då kan Gud møte oss i det som er sant.

Og medan vi opnar hjartet vårt for Gud, kan Sondre Bratland synge og be for oss: Leid milde ljos, i gjennom skoddeeim. Amen.

Geir Gundersen

Musikk: Sondre Bratland - "Leid milde ljos"