Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 29. desember

Å la hjartet få komma til orde

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

God morgon!

Det var på den tida denne nye tida begynte og alt blei snudd opp ned i løpet av nokre dagar. Frå ein dag til ein annan, var alt annleis. Minutt var som dagar, dagar var som månader, veker var som år.

Det som dagen før var heilt sjølvsagt, var dagen etter som ein fjern draum. Frå dei svære uvissene, som handlar om arbeid, inntekt, helse, og liv, til dei små underlege greiene, som å håpa på at det neste dag skulle vera tørrgjær i butikken eller å riva seg i håret over mattelikningane på heimeskuleskjermen.

I hovudet; ein million ting og mellom hendene; ein svær klump kvardag som plutseleg hadde bitar av det heilt ugjenkjennelege i seg. Det ugjenkjennelege, det underlege, det komiske, triste, overraskande, sprø og vanskelege.

Det var på den tida me stod til knes i det ubegripelege, at det plutseleg blømde hjarte på nakne tregreiner i Suldal. Det er ikkje poesi, det var slik det skjedde.

Ein morgon i den underlege tida i mars, då alle eigentleg hadde nok med seg og sitt, hadde ein liten god damegerilja vore ute og hengt opp heimestrikka hjarte på trea utanfor omsorgsheimane fleire stader i bygda.

Der hang dei. For alle å sjå. Raude og mjuke, rett frå dei varme hendene til damene som midt i berg-og dalbanen, hadde åndsnærværelse nok til å minna seg sjølv og heile bygda på det som aldri forandrar seg.

Den store forfattaren, Sigrid Undset, har skrive det så genialt: "Sed og skikk forandres meget (..) Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager".

Og der stod me midt i omveltning av tredjegrad, og eg kjente kor sant det er. At hjartet forblir det samme.

Mennesket er uendeleg tilpasningsdyktig, og det er eit aldri så lite paradoks, for endring er noko av det me likar minst. Me gjer det ikkje før me må. Då er me til gjengjeld svin-gode på det. Er det noko historia fortel oss, er det nettopp det.

For det er slik; at me inn i framtida skal ta med oss lærdom fra denne tida, både lærdommar om nytt og lærdommar om kva me kanskje kan kvitta oss med for godt.

Det er mat for hjernen vår.

Hjartet er det annleis med. Det forblir det samme og treng den samme som før. Varme, omtanke, glede og fellesskap og trøyst. Nå meir enn nokon gong treng me det trassigaste som finst; håpet og motet til å la hjartet få komma til orde. Raudt og uforstilt.

Som ei blom på ei naken grein. Som vatn ut av eit hardt berg. Overraskande og heimsleg.

Som lysande vardar i skumringa. Så me ser kor me har kvarandre. Så me ser me er menneske saman, også nå.

Esther Moe

redaktør Suldalsposten

Musikk: Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og SVER - "Eg ser inn i augo dine"

Publisert første gang 4. mai 2020

Skog