Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 28. mars

Tilbakeblikksbøn

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg ser bakover. Eg ser tilbake på ei hending for 20 år sidan. Eg var nede for telling. Eg hadde sagt opp leiarjobben min som følgje av ei konflikt. Eg var sliten og full av sorg. På vegen møter eg ein gamal kjenning. Han arbeidde som snekkar på same arbeidsplassen som eg. Han var pinsevenn. Vi likte kvarandre. Han brukte å kome inn på kontoret mitt for dele ting som var viktig for han.

No sto vi der saman - og han delte mi sorg og mitt nederlag, det var som om han tok det på seg. Men med eitt går det eit lys over andletet hans - slik det kan gjere når ei sanning går opp for oss - og min snekkarpinsevenn seier: "Geir, når Gud tillater sånt, da er det en forfremmelse på gang!"

Smil og tårer. Og eg kunne kjenne at det vart litt lettare å bere det som var tungt. Kva kjenner eg no når eg ser tilbake på dette møtet og denne tida i livet mitt? Det første eg kjenner er ei varm glo av undring: kor forfriskande det kan vere å sjå tilbake!

I tilbakeblikket gjer eg ei ny erfaring her og no, eg reiser tilbake gjennom tida og oppdagar at det som var, ikkje er ei samling harde fakta, at fortida opnar seg, blir flytande. No ser eg ikkje berre at min pinsevenn hadde rett, at noko godt var på veg gjennom det bitre, eg ser livstråden min bli til, korleis lys og mørke på heilt konkret måte er vevd saman. Og hjartet byrjar å synge, min heilt personlege salme: takk, takk, min Gud, takk for alt saman!

Ignatius av Loyola, kristen mystikar frå 1500-talet og stiftar av jesuittordenen, kallar dette tilbakeblikksbøn. Gjennom eiga erfaring lærde han å skilje mellom det destruktive og det konstruktive tilbakeblikket, mellom det som dreg ned og det som lyfter opp: å sjå tilbake for å bli var korleis Gud rørte ved deg i det som hende, korleis han arbeider i deg gjennom ditt verkelege liv, så du kan bli til, bli til deg sjøl, hans elska skapning.

Vi bør ikkje gå til ro for natta, seier Ignatius, før vi har bedt tilbakeblikkbøna, før vi har sett på dagen med eit ømt blikk for å oppdage kva som verkeleg hende. Vi kan også opne dagen med takk. Snart vil Solveig Slettahjell - ho som syng så velsigna sakte - gjere det. Med ord frå Lina Sandell:

"Jag kan icke rakna dem alla, de prov på Guds godhet jag rönt."

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - "Jag kan icke rakna dem alla"

Skog