Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 28. april

Pilegrim – Vandringa

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg er ein racer i å gå i bakkar. Mannen min seier det er fordi eg er frå Hallingdal. Der er liene bratte, og kanskje vart eg fødd med eit «halling-gir»?

Eg er ikkje alltid så rask elles, men ser eg ei bratt helling, går eg krumbøygd til verks og kjenner at eg er i mitt rette element. Eg går lett. Og er som regel fyrste kvinne til toppen!

Pilegrimen på vandring må finne den gode rytmen; dei lette stega, farten og pusten som gjer at det er godt å gå. For vandringa er like viktig på pilegrimsferda som målet ein har sett seg ut ein stad der framme.

«Kvart steg er ein del av livet – det einaste liv me har her», syng Sondre Bratland i ein song vi skal høyre seinare. Og for at livsvandringa skal kjennes god, må vi kjenne at vi kan vere dei vi er skapte til å vere: At rytmen er god. At pusten heng med og at stega er gode. At vi, sjølv om kroppen vert sliten, likevel får krefter og kan gå eit steg lenger.

Livsvandrarar – det er vi alle, også om vi ikkje går så lett. Difor gjeld det at vi må finne den rytmen som er god for oss. Den som gjev krefter attende når vi kjenner oss utslitte. At respirasjonssystemet gjev ny pust; at kroppen får påfyll av frisk luft som gjer kroppen godt.

Livsvandringa med Jesus er også avhengig av den gode rytmen og pusten, - for at vi skal leve – og for at den skal kome våre medvandrarar her på jorda til gode. Tenk berre på korleis vi får puste inn ord om tilgjeving og oppreising. Og pustar ut tilgjeving og oppreising til våre medmenneske.

Vi pustar inn trøyst og oppmuntring gjennom evangelieforteljingane om Jesus som møter menneske med oppmuntring og tillit. Og vi pustar ut att denne kjærleiken så den blir dei til del som vi ser treng å bli oppreiste og viste tillit.

Vi andar inn vissa om at vi er Guds barn; den vissa som må bli heile skaparverket til del gjennom solidaritet, omsorg og kjærleik til våre systre og brør.

Pilegrimen på vandring er del av det store krinslaupet – bunde saman med dei som har gått framom og med dei som skal kome etter. Ho vandrar i stega til dei som har vore her før. Og legg att spor så det skal bli vere mogleg for dei som kjem etter å finne fram.

Er vi ikkje alle pilegrimar når vi tenker slik? Er vi ikkje medvandrarar – gjevne til kvarandre for å vise veg; for å stø den som treng ei hand; for å finne krefter hjå den andre når vi trudde at vi var kraftlause?

Ragnhild Jepsen

Musikk: Sondre Bratland – "Pilegrim"

Skog