Den læresveinen? Læresveinen som aldri blir nemnt ved namn i evangeliet, men alltid presentert
med følgjande løyndomsfulle ord: læresveinen som Jesus hadde kjær – det er Johannes, seier den
kyrkjelege tradisjonen.
Eg tenkjer: det er difor han har fått sin eigen dag i juleveka. Fordi han på ein særleg måte fekk
erfare Jesu kjærleik. Det er på grunn av han vi har fått denne dagen, vi som lengtar etter å erfare
den forvandlande kjærleiken. Kanskje Johnnes er ein god representant for oss, kanskje han trong
denne spesialbehandlinga frå Jesus si side? Han og broren Jakob vart kalla toresønene, kanskje
det måtte ekstra kjærleik til?
Eg veit ikkje. Men eg veit at eg kjenner den dragande krafta i desse orda: den læresveinen som
Jesus hadde kjær. Eg kjenner korleis orda opnar kropp og sinn, korleis dei opnar opp min djupaste
trong: trongen etter å bli elska – og mitt djupaste vesen: at eg er elska utan atterhald av min
Skapar og Frelsar.
Kjære medmenneske, er du som meg, treng du ein kjærleikens dag midt i julefeiringa, ein dag til
å ta imot juleevangeliet, ein dag til å undre seg over kjærleiken og over at det er så vanskeleg å ta
imot den, ein dag til å la seg falle ned i kjærleikens famn slik eg er og slik eg har det no.
Forvandlinga er Guds sak. Men det er forvandlande å utsette seg for kjærleiken, både den
menneskelege og den guddommelege, dei kjem frå same kjelde. Og langsamt veks det fram
ei ny bøn i kroppen:
Far, gi meg å elske slik du elskar, gi meg å sjå på menneska rundt meg med dine augo. Amen.
Geir Gundersen
Musikk Mitt hjerte alltid vanker Solveig Leithaug