Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 25. juli

Pilegrim II

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I dag, 25.juli, er Jakobsdagen. Den er til minne om apostelen St Jakob, ein av Jesus sine læresveinar, han som er alle pilegrimar sin skytshelgen. Jakob leid martyrdøden, og tradisjonen fortel at kista med den øydelagde kroppen hans vart lagt i ei kiste av marmor og sett til å drive på havet.

Ein engel styrte båten med kista. Og så dreiv den i land i Spania der Jakob vart gravlagt. Etter mange hundreår vart grava funne att. Mirakel hende der, og Jakob vart Spanias skytshelgen. Ein by vaks fram - det er den byen vi i dag kjenner som Santiago de Compostela.

Denne dagen flokkar pilegrimane seg på vegen inn til den store katedralen i Santiago de Compostela. Det er målet for vandringa deira. Dei kjem frå heile verda. Vandringa har vore lang. Nokre av dei har vandra fordi dei vil oppleve caminoen, pilegrimsruta som sidan mellomalderen er rekna som ei av dei viktigaste.

Undervegs har vennskap vakse fram, ein har delt forteljingar, gleder, smerte og gnagsårplaster. Nokre har gått den lange vegen fordi dei ber på ei bør. Ei tung historie, lengt etter meining eller bøner om å bli fri frå det som stengjer. Det blir godt å kome fram. Men gleda ved endeleg å sjå tårnet på katedralen der dei skal få kvile, hadde ikkje vore den same om ikkje vegen hadde vore så lang.

Det er mange grunnar til oppbrot. Til å ville endring. Til å søke forsoning og tilgjeving. Nokre er openberre. Andre er så tunge og skamfulle å bere på, at vi tenker vi ikkje kan vise det til nokon. Då er det godt å tenke på at det finst nokon som tek i mot. Og at når avgjerda om eit oppbrot er gjort, vil tida hjelpe til med å modne fram det som trengs å be om tilgjeving for, og det som skal forsonast. Også i eige liv.

Det er ikkje alle av oss som har mulighet, krefter eller helse til å legge ut på ei vandring mot St Jakobs by. Men alle har vi fått den muligheten Evangeliet om Jesus Kristus har gjeve oss: Å be: Herre, ver meg syndar nådig. Men mest av alt å høyre og ta til oss orda attende: Barn, syndene dine er tilgjevne, gå med fred.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Sondre Bratland - "Pilegrim"

Skog