For tida er eg prest i ein bygning som utviser både ærefrykt og gjestfrihet. Den mektige vestveggen på Nidarosdomen viser styrke og makt. Hogd i stein står den som ein fjellvegg framfor oss. Men når vi nærmar oss, ser vi at det som er hogd i stein for det meste er statuar av menneske som du og eg. Sårbare og sterke, redde og modige på same tid. Slik er historiene om dei som har fått andletet sitt hogd i stein på den mektige veggen. I møte med den veldige bygningen er det ikkje menneska i stein vi skal kjenne ærefrykt for. Det må vere noko anna!
Bibelordet i dag er frå Paulus´ brev til kyrkjelyden i Roma, i det fjortande kapitlet: Så visst somt eg lever, seier Herren, for meg skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal vedkjennast Gud.
Ein bygning kan ikkje krevje eller forvente at vi skal gjere oss små for den. Heller ikkje menneske skal ein bøye seg for – det skal ein gjere for Gud.
Så kan vi ikkje krevje det av kvarandre. Den største fridomen vi har i evangeliet om Jesus Kristus er at vi ikkje treng å måle oss mot kvarandre. Vi treng ikkje, slik han det står om i evangelieforteljingane, slå oss for bringa og seie til oss sjølv og til Gud og til dei som vil høyre på, kor flinke vi har vore, kor fromme eller gode vi er. Eller motsett, viss livet ikkje er så enkelt; kor lite flinke vi er, kor lite fromme og kor vonde vi eigentleg er. Gud treng det ikkje. Men vi skal sleppe å måle oss mot kvarandre. Det er det stor fridom i!
Eit av dei vakraste bileta eg veit, er av fjellbjørka som trassar seg fram i kulde og tøffe forhold. Men som samstundes er så mjuk og leug at den kan tøye seg og bøye seg dit det måtte vere. Å gå med hovudet reist og heva gjennom alt som måtte kome, er eit poeng i vår tid. Det gjev status. Fjellbjørkas motstandskraft og at den let seg føye eit stykke på veg, er for meg eit adelsmerke. For fjellbjørka lærer oss også at eigen stolthet ikkje er sentrum i livet.
Vi står i eit gudsforhold. Og det er Gud vi skal bøye oss for. Det tenkjer eg på når eg går inn i Nidarosdomen under veggen med steinskulpturane. Dette er ikkje eit rom for tilbeding av menneske. Dette er eit hus som rommer mitt gudsforhold. Hjå Gud er eg velkomen – slik som eg er!
Ragnhild Jepsen
Musikk Lov Jesu namn og herredom Sigvart Dagsland