NRK Meny
Normal

Morgenandakten tirsdag 24. mars

Heilt heim

Geir Gundersen
Foto: Tina Fagerhus Brodal/Blå Kors / Blå Kors

God morgon!

Noko av det finaste eg veit om i norsk helsevesen går under namnet Hospice. Det er sjukehusavdelingar eller eigne institusjonar som tar hand om menneske som er i den siste delen av livet sitt på grunn av alvorleg sjukdom – og støttar opp under deira pårørande.

Eitt døme er Hospice Lovisenberg ved Lovisenberg Diakonale sjukehus i Oslo. Her har dei både noko dei kallar ”lindrende døgnenhet” og eit ”livshjelpsenter”. Døgneininga er – eg siterer frå heimesida til sjukehuset – ”et tilbud til pasienter med alvorlig kreftsykdom og behov for avansert lindrende behandling, pleie og omsorg”. Livshjelpsenteret ”ivaretar den dagbaserte lindrende behandlingen i form av dagbehandling, poliklinkk og kurs for pasienter og pårørende”.

Slik forstår eg det: ei hospiceavdeling er til for å hjelpe menneske slik at den einskilde får fullføre livet sitt så vakent og medvite som mogleg, med god lindrande behandling og omsorg. For enden på livet er meir enn ein slutt, det er eit mål – og det er verdt å kjempe for å nå det, med andre menneske si hjelp og støtte.

Eg er ein mann som veit at eg har byrja på den siste delen av livet mitt. Eg er nyslått pensjonist, eg har ei rimeleg god helse, eg får bruke dagane mine på det som ligg meg på hjarte.

Men eg veit at eg er på veg mot livsens grense, eg kjenner min forgjengelegdom, eg veit at det ikkje finst nokon veg utanom døden og dødens følgjesvenar sjukdom og skrøpelegheit. Så no øver eg meg på å tenkje, eg øver inn ein tankegang medan eg enno kan tenkje: At vegen heiter Fullføring og at målet er å kome heilt heim.

Les i Johannesevangeliet kap.11 om korleis Jesus reagerer og tenkjer når han får vite at hans kjære ven Lasarus er død. ”Lasarus, venen vår er sovna, men eg går og vekkjer han”, seier Jesus til læresveinane. Læresveinane misforstår Jesus ord. ”Herre, er han sovna, så blir han nok frisk att.

Då sa Jesus rett ut: Lasarus er død. Men kom, lat oss gå til han”. Og læresveinen Tomas som er redd for Jesu liv og anar at det ventar eit drama, seier til dei andre læresveinane: ”Vi går med, vi og, så vi kan døy saman med han”.

Gåtefulle ord. Gåtefull røyndom. Men det er ord som andar av tru. Død er død og ikkje til å koma utanom for nokon. Men døden har ikkje det siste ordet. Den tener livet. Den er porten heim. Og sæl er den som får sjå slik på sin eigen død.

”Jeg vet meg en søvn i Jesu navn, den kveger de trette lemmer”, syng Landstad i sin salme frå 1851. Det er ikkje ei romantiserande omskriving av døden. Det er å vedkjenne kristen tru. Høyr.

Tekst Joh 11,11-16

Geir Gundersen

Musikk: Ragnhild Hadland - "Jeg vet meg en søvn i Jesu navn"

Fra NRKs "Salmeboka minutt for minutt"