Hyrden for 1,2 milliardar katolikkar står fram som ein audmjuk mann. Som erkebiskop i Argentina valde han bort kardinalpalasset, budde i ei lita leiligheit, sa opp sjåføren sin og tok bussen til kontoret. Talande trekk, viktige symbolske val - og verda og kyrkja spør: Vil Frans 1 lukkast med å fornye kyrkja innanifrå slik Frans av Assisi gjorde?
Denne assosiasjonen til det ferske pavevalget melde seg då eg leste Jesu spørsmål i dagens ord frå Lukasevangeliet kap.13. ”Kva er Guds rike likt. Kva skal eg samanlikne det med? Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det”. Og igjen sa han: ”Kva skal eg samanlikne Guds rike med? Det er lik ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra”.
Eg kjenner at Jesus bilettale, hans spørsmål og svar opnar opp eit rom i meg med nye spørsmål. Ikkje om Frans 1. Men til meg sjøl, spørsmål om kven eg er og kvifor eg er her. Eksistensielle kallar vi slike spørsmål. Dei viktigaste vi kan stille. Kva betyr det for meg å knytte heile min eksistens til Han som tala slik om Guds rike og levde etter det? Det får eg resten av livet mitt til å grunne på. Men eg forstår at eg er invitert inn i, kalla inn i, ja dregen inn ein røyndom med målestokkar som ikkje er dei same som målestokkane for suksess og nederlag i den kulturen eg tilhøyrer. Eg anar at det står om livet, den smale vegen til livet, min smale veg til det mitt liv kan bli. Sennepsfrøet. Surdeigen. Ikkje store greiene. Men det er Guds greier. Og på ein måte som berre han kan og berre han veit, skal eg få vere ein del av det vesle som ein gong skal gjennomsyre alt.
Svimlande. Takk og amen.
Geir Gundersen
Musikk Hjemlandsklokker Elias Akselsen