Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 23. februar

Lysstrima

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg spurte ein kar på Svalbard kva som var det finaste med mørketida. Han svarte: Det er når vi skjønar at lyset skal kome attende. Det er framleis mørkt. Men vi ser konturane av fjellsidene og himmelen over fjella. Då kan vi tru at sola kjem att, også dette året.

Noko av det beste med desse februardagane er lyset!

Det er som om auga ikkje kan få nok av å ta inn strålar av sol og lys, og kvar dag gled eg meg over dagslyset som varer nokre minuttar lenger enn i går, og at solstrålane stadig når lenger inn over stovegolvet.

Det er som om lyset også vil inn i kroppen, inn i hjarta.

Men kanskje nokon opplever at det er så mørkt inne i oss at vi ikkje kjenner at lyset vil inn. At det er så mørkt at det ikkje eingong er mogleg å sjå konturane av lys og mørke; alt er svart og det verkar som om sola aldri meir skal skine i livet.

Kven er min neste? Jo, det er også ho som treng lyset i livet sitt. Og at nokon bringer det til henne.

Dei vakraste framstillingane i målarkunsten av lys er dei bileta som har mest mørke i seg. Målaren Rembrandts bilete, til dømes. Eitt av dei er skildringa av den fortapte sonen. Bibelforteljinga om han som tok med seg arven sin, kasta den bort og kom heim i skam og fornedring.

Men det vi ser når vi studerer måleriet er ikkje sonen som kjem heim etter å ha vore så lenge borte. Rembrandt set i staden fokus på faren. Han som let sonen gå. Han som har venta så lenge.

Biletet er svært mørkt. Berre éi lysstrime slepp lyset inn i rommet. Den let oss sjå den gamle mannen som bøyer seg ned og rører ved skuldrene til den heimkomne sonen. Nesten blinde auge. Ei utstrakt hand. Ein kropp som bøyer seg ned. I mannens berøring ligg sorg, men også håp. Det er lengt og endelaus venting.

"Mannen i biletet er han som ikkje hadde meir å miste fordi han hadde mista alt." sa Rembrandts landsmann Henri Nouwen.

Men også for den som har mista alt, er det ei strime av lys, av håp.

Jesus sa: Tru på lyset så lenge de har lyset. Så de kan bli born av lyset. Lysstrima han taler om er den same som i Rembrandts bilete: Ein miskunnsam Gud som rekker ei utstrakt hand til oss. Ikkje for at alt skal bli lyst og godt med ein gong. Men for at vi trur det igjen kan bli mogleg å skilje mellom lys og mørke. Fordi Gud lengtar etter sine. Og for at vi kan tru at lyset er der også for oss.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Torun Eriksen - "You Can Close Your Eyes"

Skog