Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
for ned til til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen.
Denne trua, denne måten å sjå personen Jesus på, denne måten å forstå kva han betyr, denne trua kjem ikkje av seg sjølv. Den er på ingen måte sjølsagt og den kan ikkje pressast fram av nokon. Eg tenkjer, det er i alle fall klart når vi les tekstane om dei første kristne og korleis trua kom til, trua på at Jesus hadde sigra over døden, at han som var død og gravlagd, stod opp frå dei døde.
Slik som i dagens fortelling frå Johannesevangeliet kap.20, om det som hende tidleg om morgonen den første dagen i veka, medan det endå var mørkt, då Maria Magdalena kjem til grava. Ho får sjå at steinen er teken bort frå grava og ho ser ikkje noko anna enn eit nytt overgrep mot den mannen ho var så sterkt knytt til. ”Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han”, ropar ho andpusten til Simon Peter og den namnlause, han som i teksten blir kalla den andre læreveinen. No er det mennene sin tur til å springe. Den andre læresveinen kjem først til grava, bøyer seg og ser linkleda ligge der. Men han går ikkje inn. Det gjer Simon Peter. Han går inn og ser alt som er å sjå der inne. Alle nakne fakta. Ingen død kropp, linkleda, duken som Jesus hadde hatt over hovudet, som ikkje låg saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. Så les vi: ”Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde”.
Han såg og trudde.
Han såg og ei kjelde sprang i hjartet.
Han såg og ei dør vart opna.
Han såg og fekk trua si gåve.
Eg tenkjer med evangelisten Johannes, som ifølgje tradisjonen er den andre læresveinen. Slik var det og slik er det. Trua er ei gåve og den som får den kan berre takke. Endå sterkt som kjerna i den kristne tru er knytt til historia, endå så ope alt er og må vere. Det finst ingen fakta som tvingar til tru. Trua må bli fødd i hjartet. Som rein gåve.
Eg veit at denne tanken reiser nye spørsmål. Kvifor får ikkje alle menneske denne gåva? Men eg veit og at ingen har rett til å gjere seg høg på trua. Den er under og nåde. Den er der for å lyse varmt og kjærleg for alle.
Geir Gundersen
Musikk Kvar kjem vel dei lysaste draumane frå Sigrid Vetleseter Bøe