NRK Meny
Normal

Morgenandakten tirsdag 22. september

Eg kjenner di smerte

God morgon!

Sangaren Johnny Cash var eit menneske som kjempa med avhengigheit av rusmidlar gjennom heile livet sitt. Dei var hans hjelparar når han trong å kome gjennom krevande konsertar og lange turnear, dei døyvde smerten frå uløyste personlege konfliktar. Og dei braut han ned. Etter eit behandlingsopphald i 1983 skreiv han sangen I came to believe, der han set ord på si djupe naud og frigjeringskrafta i den trua som steig i han.

Snart skal vi høyre sangen.

Den som søkjer sanninga, søkjer Gud. Den som kjem i kontakt med sanninga og veljer å stå i den, kjem i kontakt med Gud. Slik er mi tru på Gud og røyndomen. Eg vågar å seie: dette er klassisk kristendom. Han som har skapt verda og held alt det skapte oppe frå stund til stund, han kan berre møtast i det som er sant og verkeleg.

Så når du og eg oppdagar og vedgår vår avhengigheit, vår binding til mønster og vanar som skadar oss sjølve og andre, når den sanninga går opp for oss, då kjem vi i kontakt med noko som er endå djupare, vår lengt etter frigjering, å kome ut av løgn og illusjonar og tildekking, då kjem vi i kontakt med Gud.

I 2. Mosebok kap. 2 og 3 les vi at Gud høyrde korleis israelittane stønna under slavekåra i Egypt. Sauegjetaren Moses blir kalla til å føre folket ut av slaveriet med desse orda:

"Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte. Eg har stige ned for å fria dei ut."

I couldn’t manage the problems I laid on myself, syng Johnny Cash.

And it just made it worse when I laid them on somebody else

So I finally surrendered it all brought down in despair

I cried out for help and I felt a warm comforter there

And I came to believe in a power much higher than I

I came to believe that I needed help to get by

In childlike faith I gave in and gave him a try

And I came to believe in a power much higher than I

Eg kunne ikkje takle dei problema eg la på meg sjølv.

Og verre vart det når eg la dei på andre.

Til slutt ga eg opp, kjørt ned, heilt fortvila.

Eg ropte om hjelp. Der møtte eg ein varm trøystar.

I barnleg tru ga eg meg over til han.

Høyr Johnny synge i ein versjon han spelte inn på slutten av livet sitt. For denne erfaringa gjorde han ikkje berre ein gong. Han måtte gjennom tilbakefall - og nye vegar ut av fortvilinga.

Kyrie, eleison. Herre, miskunna deg. Over meg og over alle som kjempar med avhengigheit – og lengtar ut av den.

Tekst: 2. Mosebok kap 3

Geir Gundersen

Musikk: Johnny Cash - "I came to believe"