Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 21. mai

Eit bilde som speglar kjærleik

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

Lukas 15, 11-32

Det finst eit bilde som folk drar halve heile verda for å sjå. Sjølv har eg ikkje vore der, men veit at det heng i Eremitasjen, det verdsberømte kunstmuseet i St. Petersburg, der Vinterpalasset er ein av bygningane.

Her er gull og juveler, kunst til svimlande verdi i ærverdige bygningar. Men bildet eg tenkjer på - det speglar berre kjærleik.

Det viser ein ung mann på kne, med ansiktet inn til ein eldre mann som står luta over han med begge hendene på skuldrane hans. Me ser det unge, nakne hovudet, det ømme lyset som teiknar nakken hans og andletet, overgiven, letta, trøytt. Endeleg heime, endeleg tatt i mot. På kne, men ikkje underkasta.

Det er den fortapte sonen endeleg heime hjå far. Rembrandt er kunstnaren, forteljinga har han frå Jesus.

Likninga om sonen som ville ha sin del av arven av far sin. Som strauk ut i verda, som tulla, hora og drakk pengane vekk til han blakk måtte eta med grisene han passa. Som til slutt var så arm at heim igjen var siste utveg. Det var ei av historiene Jesus fortalde til dei som irriterte seg over at han heldt seg med dei utstøytte.

Dei skriftlærde får høyra om ein far som på lang avstand ser sonen sin komma, han må ha vore urven og fæl, som spring han i møte, som kastar seg om halsen hans. Han har ikkje tid til å høyra på anger fordi han har det for travelt med å få stelt i stand mat og drikke, få tak i nye klede og å stella i stand fest. I bibelens forteljing er det fest og dans og musikk, lyden strøymer ut over åkrene, står det i Lukasevangeliet.

I Rembrandts bilde er det ei stor gripande stille. Eit skimrande gjensyn. Han som står på kne bøyer hovudet, kanskje både i skam og i lettelse, men han rår likevel over hjartet til den gamle som tar i mot, men som også lar seg ta imot. Når kjærleiken er stor nok, er ikkje verdas rekneskap interessant. For det handlar til sist berre om dette eine: at den andre endeleg er her.

Den store kunstnaren, som til fulle meistra lys og skugge, viser oss Gud som ein far nedknekt av lengt og oppreist av glede over det han elskar. Menneskebarnet. Uansett kor vegane har gått, uansett kva gjørmebad som ligg bak.

Det - er det Jesus har å seia, til dei som irritererer seg over at frelsaren mengar seg med dei som reknar seg som godkjende. At Gud er ein far som brenn etter dei som er komne bort. Bort frå heime, frå seg sjølv, frå trua, håpet. Som har tabba seg ut, som har falt gjennom, som har svikta.

Rembrandt viser oss lyset i det møtet. Kor skimrande stille det er når hjartet får komma heim.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Thomas Brøndbo og Nord-Trøndelag Symfoniorkester – "For kjærlighetens skyld"

Skog