Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 21. juli

Å møte mennesker i øyenhøyde

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Vi har ei systove i Tøyenkirka der eg jobbar: "Syrom". To dagar i veka sit menn, mest kvinner og syr stilige ullkåper som kan vendast begge veier. Kronprinsessa vår har fått ei slik. Og dei syr blusar og skjørt med prikkar på, "polkadotplagg".

Vi et lunsj saman, staben i Tøyekirka og syromfolka. Simona, Dafina og Ofelia er og tiggarar her i Oslo. Klokka ni på tirsdagar blir eg med Rom for fattige tilreisande på oppsøkande nokre timar ute. Ein i teamet er rumensk, eller snakkar flytande rumensk. Vi går nedover Motzfeldsgate mot Karl Johan og utover.

Vi set oss ned, ved dei vi møter. Gir informasjon om byen, får kunnskap om liva deira, vi inviterer til suppe og språkkurs og sy/strikkeverkstad. Eg har setningen frå den tidlegare leiaren av bymisjonen i Danmark med meg i bakhovudet: Vi er mange som ønskjer å møte menneske augehøgde, også når dei ligg nede.

Eg spør: "Korleis er det med deg? Har du sove godt i natt?"

Det er ofte ei bestemor som snakkar til meg. Eg høyrer om barna og barnebarna. Dei gamle har barnebarn og barn som dei sender pengar til.

- "Datter skal ha operasjon no, i Bukarest… Dyrt dyrt, er det".

- "Sonen min er sjuk". – "Ja, eg søv i Gamlebyen kyrkje".

- "Kvar kveld ber eg. Jesus. Fader vår. Credo. Ja, eg er ortodoks".

Av og til sit vi berre og ser på kvarander. Smiler. Mange av kvinnene vi møter har sove i Gamlebyen kirke. Der er det overnatting for 50 kvinner.

- "Når dei høyrer eg er rumenar får eg ikkje jobb, seie Floretina oppgitt. Ho er 22 år og søv i skogen. Ho og mannen har vore her i to år".

Eg har gått nokre månader no og prata og blitt litt kjent med nokre. Eg blir velsigna. Det er rart, når eg går med presteskjorta får eg ofte kyss på handa og ho eller han, peikar opp og seier Jesus og smiler. "Jesus. Credo. Esperanza"

Når eg går ute utan tolk, sa prøver eg å hugse orda frå Dafina: "Eg forventar ikkje at alle skal gi meg noko kvar gong dei går forbi meg. Men eg ønskjer veldig at du ser meg, ser på meg og kanskje gir meg eit smil. Det betyr veldig mykje for meg."

Eg kjem på Jesus og Bartimeus i Markusevangeliet: Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: "Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!" Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: "Du Davids son, miskunna deg over meg!" Då stogga Jesus og sa: "Rop på han!" Dei ropa på den blinde og sa til han: "Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg."

Om litt vil vi høyre ein salme som spelt inn i Tøyenkirka. Her er det fleire av dei eg møter med og dei spelar saman med Solfrid Molland.

Kari Veiteberg

Musikk: Solfrid Molland og Gheorghe Vasile - "Mama"

Skog