Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 20. november

Ordet som er blitt menneske

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Johannes 1, 14 og 9

Har du nokon gong sett lyset frå eit ord?

Kanskje eit mjukt skin som frå ei kinesisk lykt, kanskje som den presise lyskjegla frå ei lommelykt som gjer at du finn ein veg der du trudde det ikkje var ein. Eller som blinkinga frå eit fyrtårn så du ser det finst havn og kvile når bråttsjøane har tært deg trøytt.

Ord kan vera som sprudlinga frå eit stjerneskot, ei replikkveksling som får meg til å le ein måndag ettermiddag i kassa på Bunnpris. Eller dei velsigna verktøya i ein god ærleg samtale med ein ven som gidd å lytta og bora inn i det som er vanskeleg til du kjenner at det er lettare fordi børa er blitt delt.

Det er den forløysande replikken som slår latterdøra på vid vegg når det er kleint, håplaust eller dystert og slepper inn oksygen så alle igjen får pusta. Og så det finst ord som er som ei forsiktig hand som kjem når me trur det er berre taushet igjen og at inga bru igjen kan finnast.

Ord mellom menneske har kraft til både å lysa og å kasta skugge. Me har alle kjent kulden i orda når dei er slipte til våpen og brukt med presisjon.

Ord våre kan løfta og trøysta, og dei kan trampa på og flerra opp hjartet. Dei kan gjera meg til dronning eller til støv på eit blunk. Me menneske er litt som månen, i den grad lyset skin på oss, kan me senda det vidare. Me kan senda det vakraste lys, men me kan også bli mørke og kalde som ein steinete måneoverflate.

Ordet som blei menneske. Det sanne lyset som lyser for kvart menneske. Slik blir Jesus beskrive av evangelisten Johannes.

Me menneske kan godt og me vil det også, men klarer det ikkje alltid. Me sårer sjølv om det ikkje er målet. Og veldig ofte handlar det om orda. Dei skeive, dei uvillige, dei manglande orda.

Slik er det ikkje med tømrarsonen som ein dag kjem gåande langs Galileasjøen blant fiskarane der. Eg ser for meg røffe, nedpåjorda-mannfolk som sikkert også den dagen hadde meir enn nok å hengja fingrane i. Men der står han. Ordet med stor o trong ikkje mange ord for å endra livet til dei han møtte.

Fiskarane blei så tatt av han at dei berre la frå seg utstyr og arbeid og følgde med han. Fordi dei ville ha meir av det blikket, av dei orda, av den krafta.

Det er ikkje rart. Tenk å møta ein mann som seier at Den som tørstar, skal komma til meg og drikka, og den som trur på meg, frå hans indre skal det renna elvar med levande vatn.

Jesus reflekterer ikkje lyset, han er det sjølv. Det sanne lyset som lyser for kvart menneske. Ordet som er blitt kjøtt og blod. Ordet som er blitt menneske.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Andraé Crouch – "Soon and very soon"

Skog