Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 20. desember

Juledraum for alle som møter ei stengt dør

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

God morgon. Eg er i stallen på jernbanetorget ved Oslo Sentralstasjon. I seksten år har han stått der. Han er open kvar dag frå 13. desember frå klokka tolv til seks til og med vesle julaftan. Dei første åra var han open døgnet rundt. Det var lett å komme seg inn – og i den tida stallen stod tom, frå veslejulaftan til vi kom for å ta han ned i romjula, skjedde det mykje. Folk har sove der og festa der - ja, ein har vel freista å halde varmen der inne.

Festinga kunne han vore foruten, og det er eit under at han ikkje brann opp. Men eg synes det er fint å tenkje på at stallen på oslo S har tent som husrom. For det er ein likskap med den heilage familien som ikkje fekk husrom og med mange av dei eg har prata her i byen med desse dagane.

Fleire som kjem innom fortel at dei søv ute. Mange er einsame, mange veit ikkje kor dei skal gjere av seg. Arjan har reist hit frå Aten, han er albansk statsborgar. Elena har kome hit frå Moldovia. Diana og Marek tok fly frå Polen og Iona og Andrei kjem i bil frå Tintarei i Romania.

"Velkommen" seier eg, "Stig inn i stallen!" For mange fortel at dei er opplever Oslo som lite gjestmild. Om du får ein gjest på besøk, er det ikkje greit å la vedkommande få kvile seg litt, bruke WC, kanskje ta ein dusj? Noreg er gnitent, gjerrige med å dekkje basisbehov til tilreisande, som søvn, toalett og dusj.

Marek spør: "Fins det ein stad kor eg kan sette dei tre bagane frå meg? Der har eg alt eg eig og har, det er slitsamt å bere dei med seg over alt." Iona spør etter ein stad å slappe av, ho treng berre å kvile seg litt. Ho vil berre legge seg litt nedpå, utan å risikere å bli bøtelagt eller jaga bort

Vi drikk gløgg, tenner lys, finn varme frå dyra. I år, advent 2016 - skulle eg verkeleg ønske at stallen vår hadde hatt WC og dusj og nokre senger. Min juledraum er at heile Jerbanetorget blir dekka av stallar. Ja, det seier eg etter å ha prata med folka her. Stallar til å sove mi.

Gud som vel å gi seg til kjenne som barnet i krybba, gjer seg til eitt med tilreisande, alle som møter ei stengt dør. Som søv ute, i skogen, ved Sognsvann eller som må ta inn i ein enkel stall.

Kari Veiteberg

Musikk: Oslo Fagottkor – "Julen är här"

Skog