Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 19. november

Å ikkje la seg bruke

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Johannes 8, 2-11

Har du noensinne opplevd deg brukt? At nokon prøver å fanga deg og ta deg til inntekt for sitt syn mot din vilje?

Det er ein veldig ubehageleg situasjon. Og dei fleste av oss er irriterande ute av situasjonen før me kjem opp med svaret me burde ha klinka til med.

Jesus blei stadig forsøkt sett fast. Han hadde ikkje lenge drive på med ting som irriterte feittet av dei religiøse autoritetane, før dei brukte alle anledningar til å prøva å fanga han. Dei var forvirra, redde for makta si. Hans magnetiske kraft på menneske og hans provoserande evne til å møta alle typar menneske akkurat der det gjaldt, anten det handla om å gjera blinde sjåande eller det handla om avanserte eksistensielle samtalar, var som ein raud klut framfor nasen på dei mektige.

I ei forteljing i Matteusevangeliet, er me på tempelområdet og det er fest-dagar for jødane. Nok ein dag stimlar folk seg om tømmermannen frå Nasaret, og så skjer det.

Inn i flokken kjem dei skriftlærde slepande med ei kvinne. Det står ingenting om hennar tilstand. Dei einaste me får vita er at ho er tatt i ekteskapsbrot, på godt norsk; hor. Og det på fersk gjerning. Er ho skikkeleg påkledd? Me veit ikkje. Men eg ser føre meg godt nøgde skriftlærde og sikkert ei ganske skamfull kvinne.

Etter lova skal slike kvinner steinast. Kva seier du nå, Jesus? Hæ?

Kva gjer han? Jo, han bøyer seg ned og skriv på jorda med fingeren.

Med moderne leiarskapsspråk, ville eg sagt at han tar regi på situasjonen. Tar rommet og roar ned stresset. Uansett kva han skreiv, som forblir ei gåte. Mennene driv på og driv på. Før han til slutt reiser seg med det heilt vidunderleg smarte og djupe svaret som frigjer både henne og han sjølv.

Som sender steinane dei har lyst til å kasta, rett i bakken: Den som er utan synd, kan kasta den første steinen.

Når ein ikkje kan svara, er det like godt å gå. Det gjorde dei. Ein etter ein. Og til slutt er det berre kvinna og Jesus igjen.

Var det ingen som dømte deg? Spør han.

Nei, seier ho, ingen.

Så dømmer heller ikkje eg deg. Gå bort og synd ikkje meir.

Det går ikkje an å bruka Jesus. Han lar seg ikkje redusera. Verken til ein stein i handa eller til eit moralsk fripass for den enkelte.

Jesus avskaffar ikkje moralske reglar. Han går berre bak dei, finn mennesket og hjartet og kjenner og ser kva som verkeleg skjer. Det er nådefullt blikk.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk:

The Crusaders med Bobby Womack og Alltrinna Grayson - "No matter how high I get"

Skog