Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 14. mai

Botnlaust

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

1. Kongebok 17, 7-16

God morgon!

Gud bryr seg om "enkjer og farlause" står det i Skrifta. Eg får seie det slik: Dei er Guds favorittar. Gud har eit særleg mjukt hjarte for dei som lever i utkanten av samfunnet.

Så høyr no den makelause fortellinga i 1.Kongebok kap. 17 om profeten Elia og enkja i byen Sarepta. Det er tørketid og matmangel i folket, også profetar er svoltne. No sender Gud Elia til byen Sarepta, der skal han møte ein enkje, "ho skal syte for mat til deg".

Men enkja Elia møter er enno meir svolten og tørst enn profeten. Hennar plan er å lage eit siste måltid for seg og sonen – og så legge seg ned for å døy. Då går det opp for profeten kva som er Guds plan. "Ver ikkje redd", seier han til enkja. Gå og gjer som du har sagt. Men bak først eit lite brød og kom til meg med det. "For så seier Herren: Mjølkrukka skal ikkje bli tom og det skal ikkje mangle olje i mugga til den dagen då Herren sender regn over landet". Og slik vart det. Enkja si mjølkrukke vart ikkje tom og oljen i mugga tok ikkje slutt.

Denne fortellinga er gått inn i språkbruken vår. "Statsbudsjettet er inga Sareptas krukke", kan nokon seie. Nei vel. Men Guds nåde er faktisk utan botn – og djupet i fortellinga er like stort som djupet i Sareptas krukke.

Difor veit eg at Guds nåde ikkje berre famnar om enkjer og farlause, men også om slike som deg og meg. Å, denne guddommelege, djupt overraskande, skakande, grenselause krafta, "Amazing Grace, how sweet the sound, that saved a wreck like me".

Eg vaknar om morgonen. Den angar av nåde. Eg lagar frukost til kjærasten min. Det er ei gåve. Eg får vere saman med Gud i stille bøn. Det er ei gåve. Eg får bry meg om uretten i verda. Det er ei gåve. Eg tek stokken min og den stør føtene mine på tur over St. Hanshaugen. Det er ei gåve. Eg hentar eit barnebarn på aktivitetsskulen. Det er ei stor gåve.

Alt er gjeve. Eg får kalle Givaren Far, det er nåde over nåde. Givaren gjer seg kjend i alle ting og opnar ei botnlaus kjelde av frelse og nyskaping. Det er ikkje magi. Det er smaken av Gud. "Det nåden var som berga meg, og vil meg bera heim".

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Alan Jackson – "Amazing Grace"

Skog